Tangent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå tangentinstrument.
Tangenten til ei kurve

Ein tangent eller ei tangentlinje til ei kurve er i geometri ei rett linje som i kva punkt som helst på kurva «berre akkurat rører» kurva i dette punktet. Punktet vert kalla tangentpunkt. Ei tangentlinje til eit punkt på ei kruve går «i same retning» som kurva, og er på den måten den beste rettlinja tilnærminga til kurva i dette punktet. Den same definisjonen gjeld for romkurver og kurver i eit n-dimensjonalt euklidisk rom.

På liknande måte er eit tangentplan til ei flate i eit visst punkt det planet som «berre akkurat rører» flata i dette punktet. Tangenten er eit av dei mest grunnleggjande omgrepa i differensiell geometri og har vorte mykje generalisert.

Ordet «tangent» kjem frå det latinske tangere, som tyder «å røre» eller «tøtsje».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]