Spjotøyna

Koordinatar: 60°43′37″N 05°05′16″E / 60.72694°N 5.08778°E / 60.72694; 5.08778
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°43′37″N 05°05′16″E / 60.72694°N 5.08778°E / 60.72694; 5.08778

Spjotøyna
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Alver kommune
Høgaste punkt 40 moh.
Kart
Spjotøyna
60°43′37″N 5°05′16″E / 60.726944444444°N 5.0877777777778°E / 60.726944444444; 5.0877777777778

Spjotøyna eller Spjøtøyna er ei øy i Lurefjorden nord i Alver kommune i Vestland. Øya er landfast med Brakøyna med eit smalt eid, slik at dei to eigentleg utgjer éi øy, men dei har vore rekna som to øyar. Spjotøyna har vegsamband med fastlandet over Brakøyna.

Mellom sørenden av Spjotøyna og ein naboholme vart det i 1880 sprengt ut ei lei som gjorde det mogleg for dampbåtar å gå gjennom den smale straumen inn til kommunesenteret Lindås på fastlandet. Frå 1906 var det sett inn ei sluse her, Lindåsslusene. Slusedrifta vart lagt ned i 1963 og sluseportane står no opne for fri ferdsel.

Øya låg i Lindås kommune fram til 2020.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2]
10 32

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 1801 for Lindås prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Lindås herred, frå Digitalarkivet
  • Olav Ones, Bygdebok for Lindås, bd. 2 (Lygra og Hundvin bygdeboknemnd, 2000)