Spore på hund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Spore på framfoten til ein hund.
Spore markert med ein D på dette bildet av ein hundefot.

Sporehund viser til «finger» eller «» på hundar som sit noko høgare på foten og ikkje kjem i kontakt med bakken når dei går. Ofte tilsvarer sporane tommel og stortå hjå menneske, men hundar kan også ha meir enn ein spore. Dei fleste hundar har spore på framføtene, men ikkje alle har spore på bakfoten, det som også blir kalla ulveklo.

Hunden kan bruka sporane ved til dømes klatring og moglegvis også når dei spring. Nokre sporar er festa til resten av foten med brusk, andre berre med skinn, og kan dermed lettare bli rivne av eller vende.[1]

I nokre tradisjonar er det vanleg å amputera sporar på hundar, til dømes dersom det strir mot rasestandarden til hunden eller dersom ein reknar med at sporen kan vera i vegen ved bruk eller stell av hunden. Hjå nokre rasar er spore påkravd i standarden. I mange land er fjerning av sporen forboden om ein manglar ein god grunn. Fjerning av kroppsdelar utan forsvarleg helsegrunnlag blei forbode i Noreg ved Lov om dyrevelferd frå 2009.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hoskins, Johnny D. (2001). Veterinary Pediatrics: Dogs and Cats from Birth to Six Months (3 utg.). Saunders. s. 251. ISBN 978-0-7216-7665-4.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. Lov om dyrevelferd, lovdata.no