Brusk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Brusk er eit fleksibelt bindevev som finst i kroppen hjå dyr og menneske.[1] Brusk er utbreidd i ledda mellom knoklar, brystkassen, øyret, nasa, bronkietreet og i mellomvirvelskivene. Det er ikkje like stivt som bein, men stivare og mindre fleksibelt enn musklar.

Stivleiken i brusken medverkar til å halde røyr og kanal i kroppen opne. Eit døme på dette er bruskringane rundt luftrøyret, medrekna ringbrusken og bifurkaturen, torus tubarius ved opninga av øyretrompeten, nasevinga i nasebora og aurikkelen i øyret.

Brusk er samansett av spesialiserte celler kalla kondrocyttar som dannar store mengder ekstracellelulær matriks. Matriksen er samansett av kollagenfiber, grunnsubstans med mykje proteoglykan, og elastinfiber. Brusk blir klassifisert som elastisk, hyalin og fibrøs, avhengig av korleis intercellulærsubstansen er bygd opp.[1] Kondroblastar som blir fanga i matriksen blir kalla kondrocyttar. Desse ligg i små rom kalla lakuner med opptil åtte kondrocyttar per lakune.

Brusk inneheld ikkje blodårer, til skilnad frå andre bindevev. Kondrocyttane blir forsynt gjennom diffusjon. Kompresjon av artikulært brusk og fleksjon av elastisk brusk medverkar til å pumpe næringsstoff.[2] Dette fører til at brusk lækjar seinare enn andre slag av bindevev.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Walberg, Fred; Åbro, Arnold (15. februar 2009). «brusk». Store norske leksikon. https://snl.no/brusk. Henta 15. februar 2015. 
  2. Holck, Per (26. januar 2015). «brusk». Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/brusk. Henta 15. februar 2015. 
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.