Spore til formeiring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bregnesporar.

Spore er ein type formeiringseining som finst hjå mange organismar. Sporar er som oftast eincella. Dei blir skilde frå mororganismen for å veksa opp til nye individ. Ein skil mellom kjønna sporar, som har oppstått etter ein kjernesamansmelting med påfylgjande reduksjonsdeling, og ukjønna sporar, som utgjer ei form for vegetativ øksling.

Algar og vasslevande sopp har ofte sjølvrøyvande sporar, såkalla zoosporar (svermesporar) som er forsynte med svingtrådar (ciliar). Mangler desse, blir sporane kalla aplanosporar.

Sporar blir i regelen, og alltid hos mosar og karsporeplantar, danna i eigne behaldarar, sporangium, sporehus eller sporesekker. Dei kan òg dannast utvendig, som basidiesporar og konidiar hjå mange soppar. Om alle sporane frå ein organisme er like, kallar ein det isospori. Er det to ulike typar, blir det kalla heterospori.

Hjå protozoar kan zygoten omdannast til ein spore, eller sporar kan bli danna ved mangedeling (fisjon) av den enkelte zygoten. Hjå parasittiske protozoar skjer spreiing til nye vertsdyr ved sporar.

Sporar eller endosporar til bakteriar er svært motstandsdyktige kvilestadium hjå nokre bakterieartar. Kvar bakterie dannar berre ein spore, slik at desse ikkje er økslingsorgan, men tener til å halda bakterien i live under ugunstige ytre tilhøve.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sporer: biologi (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 7. februar 2014.