Hopp til innhald

Zygote

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikroskopbilde av ein zygote.

Zygote (frå gresk ζυγωτός, zygōtos, ‘åk, tospann, par’)[1] er resultatet av ei befruktning og oppstår når to kjønnsceller smeltar saman, som regel ei sæd- og ei eggcelle, til ei enkel diploid celle, ei befrukta eggcelle.[2] Zygoten vil etter dette gjennomgå celledelingar og det neste stadiet vert eit diploid embryo.

Av og til kan zygoten òg gå gjennom meiose der det blir danna haploide celler..[2]

  1. «zygote» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. 1 2 «Zygote». Kunnskapsressursar. Institutt for biovitenskap, Universitetet i Oslo. 2003. Henta 4. februar 2024.