Sportsklubben Djerv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sportsklubben Djerv er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Møhlenpris i Bergen kommune, skipa 18. mai 1913. SK Djerv er aktivt med i badminton, basketball, fotball, innebandy og turn. Laga til Djerv spelar i mørkeblå trøyer og strømper og i kvite bukser.

SK Djerv var i 1930-åra mellom dei beste fotballaga i Bergen. I 1938 sigra laget i landsdelserien og nådde semifinalane i Norgesserien, der det vart tap mot oslolaget Lyn. Etter andre verdskrigen har klubben for det meste spelte på nivå fire og fem i det norske seriesystemet i fotball.

Frå 1967 til 1985 var SK Djerv aktivt med i norsk ishockey. Under namnet Bergen/Djerv var klubben perioden 1977-82 eit av topplaga i Noreg, med Bjørn Skaare som sentral spelar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bergen byleksikon