Sportsklubben Herd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sportsklubben Herd er eit idrettslag i Ålesund kommune, stifta i 1932. Laget, som er aktivt i fotball, spelar i blå trøyer og kvite bukser.

Herd hadde opphavleg base i bydelen Aspøya i Ålesund. I seriefotballen hadde laget sine beste år midt på 1960-talet. Både i 1965 og 1966 var Herd det beste fotballaget i Ålesund kommune, og toppa Møre-avdelinga i 3. divisjon framfor Molde FK og Aalesunds FK. Herd møtte Trondheims-klubbane Falken (1965) og Kvik (1966) i kvalifiseringskampar til 2. divisjon, men mislukkast begge åra. Karl Johan Johannessen, Odd Arne Engvik, Arnfinn Espeseth og Knut Iversen utmerka seg på laget i desse toppåra.

Etter 1972-sesongen heldt Herd jamnast til i 4. divisjon Sunnmøre. Folketalet på Aspøya minka og i 1982 valde klubben å flytte aktiviteten til dei veksande skulekrinsane Åse og Lerstad i det som hadde vore Borgund kommune føre 1968.

I 2016 deltek Herd på nivå fire i det norske seriesystemet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]