Sportsklubben Rapp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sportsklubben Rapp
Skipa15. april 1898
LandNoreg

Sportsklubben Rapp er eit idrettslag heimehøyrande i Trondheim. Rapp, som vart stifta 15. april 1898, har i dag einast handball på programmet. Laga spelar i røde trøyer og elles i kvitt. Handballgruppa vart starta i 1946. Laget for karar deltok nokre få sesongar på 1980-talet på øvste nivå i seriesystemet.

Rapp var opphavleg ein fotballklubb. Med kom tennis (frå 1907), bandy (frå 1919), ski (frå 1921), boksing (frå 1924), friidrett (frå 1925), skøyter (frå 1929), bridge (frå 1944) og orientering (frå 1945) på programmet. I 1920 var Rapp eit av ni idrettslag som stifta Norges Bandyforbund.

Friidrettsutøvaren Birger Marsteen var medlem i Rapp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]