Språklege verkemiddel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Språklege verkemiddel er uttrykksmåtar eller noko bestemt og medvite i måten ein uttrykker seg på, som gjer det lettare å få fram meining. Når ein nyttar språklege verkemiddel i skrift, vert det gjerne kalla litterære verkemiddel.

Langt på veg forklarer uttrykket språklege verkemiddel seg sjølv: Det er middel som vi nyttar for å få språket til å verke. Nedanfor er ein oversikt over nokre av dei viktigaste og mest kjende språklege verkemidla som vi nyttar både i skrift og tale:

Språklege bilete[endre | endre wikiteksten]

Eit språkleg bilete er når eit ord eller eit uttrykk vert nytta i overført tyding, altså om noko anna enn det ordet eller uttrykket i utgangspunktet tyder. Eit språkleg bilete som inneheld eit samanlikningsord, til dømes som eller liksom, kallar vi ei samanlikning. Eit språkleg bilete utan samanlikningsord kallar vi ein metafor.

Eit døme på ein samanlikning er: «Du er som ei sol.». Eit døme på eit uttrykk som inneheld ein metafor er: «Du er ei sol.» Her er ordet 'sol' ein metafor. Ein metafor er eit ord eller eit uttrykk som opphavleg tyder éin ting, men som blir nytta på ein slik måte at det gjev ei anna meining. Kjenneteiknet på at vi har med ein metafor å gjere, er at uttrykket ikkje gjev noka fornuftig eller rimeleg meining dersom vi forstår det bokstaveleg. Når ein seier «Du er ei sol,» til ein annan person, meiner han noko i retning av at vedkommande er glad og positiv og får andre til å kjenne seg vel saman med vedkomande. Det bokstavelege innhaldet i setninga («Du er ein gigantisk himmellekam med enorme mengder hydrogen som eksploderer i kjernefysiske fusjonsreaksjonar.») gjev ikkje rimeleg meining. Difor må uttrykket vere meint som ein metafor. Andre døme på metaforar er: fjellrygg, å gå over bekken etter vatn, stolbein, å møte veggen, daudtid, å gå på trynet, å kaste inn handkledet, å brenne for ei sak, å konsentrere seg, å vere skarp i hovudet.

Språket er fullt av metaforar. Mange metaforar er så vanlege at vi ikkje ein gong tenkjer over at det er metaforar. Uttrykket «Språket er fullt av metaforar» inneheld i sjølv ein metafor: 'fullt'. Ei bøtte, eit krus eller eit kar kan vere fullt, til dømes av vatn eller blåbær. Men språket kan ikkje vere fullt i bokstaveleg tyding. Difor er ordet 'fullt' i denne samanhengen ein metafor. I uttrykket språkelege bilete er 'bilete' ein metafor.

Symbol[endre | endre wikiteksten]

Verkemiddelet symbol er i slekt med metafor. (La du merke til metaforen i setninga? 'i slekt med'.) Eit symbol er når noko i ein tekst har ei konkret og bokstaveleg tyding og det i tillegg tyder og står for noko mykje meir og mykje viktigare. I slutten av Henrik Ibsens skodespel Peer Gynt, når Peer som gammal mann ligg med hovudet i fanget til sin kjære Solveig og livet hans er slutt, står sola opp. Soloppgangen kan tolkast som eit symbol for livet og for ein ny start. I diktet Tord Foleson av Per Sivle høyrer vi om han som var fanebæraren til kong Olav den Heilage under slaget ved Stiklestad. Fana - merket som han bar på ei stong - er eit symbol for det ein trur på og det ein kjempar for i livet. Filmskaparar nyttar også slike symbolske verkemiddel: til dømes at vêret skyar over og bygger seg opp til storm og det byrjar å tore når det inntreffer eit dramatisk vendepunkt i livet til hovudpersonen, eller at det styrtregnar under ei gravferd.

Allegori[endre | endre wikiteksten]

Ordet «allegori» kjem frå gresk og tyder 'å fortelje noko anna'. Ein allegori er når ei heil forteljing, ikkje berre eit ord eller eit uttrykk, fungerer som eit språkleg bilete. Ein allegori kan til dømes vere ei forteljing om guten som skulle til kongsgarden for å målbinde prinsessa i følgje med brørne sine, og som finn forskjellige gjenstandar langs vegen, som brørne hans seier «æsj» til og ber han kaste, men som han tek vare på og får bruk for til å vinne prinsessa. Forteljinga handlar eigentleg om noko anna: Nemleg at det er lurt å ta vare på det som møter deg i livet, og som umiddelbart kanskje ikkje kan synast så verdifullt, til dømes at ein ungdomsskuleelev blir sett til å lære seg å strikke i kunst- og handverksfaget på skulen.

Allusjon[endre | endre wikiteksten]

Allusjon har det til felles med allegori at begge orda byrjar på 'all-'. Allusjon kjem frå latin, og tyder 'å leike'. Allusjon er å leike med andre tidlegare nedskrivne og kjende tekstar, med å lage skjulte eller halvvegs skjulte sitat til tekstane. Den mest kjende tekstsamlinga i vår vestlege kultur er Bibelen. I litteraturen finn vi difor svært mange allusjonar til Bibelen. Døme på allusjonar er: dansen kring gullkalven (allusjon til 2. Mosebok), å rette bakar for smed (allusjon til diktet «Smeden og bageren» av Johan Herman Wessel), Du, din Judas! (allusjon til evangelieforteljingane i Det nye testamentet), å møte Bøygen (allusjon til Peer Gynt).

Ironi[endre | endre wikiteksten]

Ironi er å ikkje vere oppriktig med det du seier eller skriv, på ein slik måte at tilhøyrarane forstår, bør forstå eller i det minste bør ane, at du ikkje er oppriktig. Eit døme på ironi er når nokon seier «Du er jammen blid i dag» til ein person som openbert viser at han er i dårleg humør. I munnleg tale er det lettare å forstå ironi, fordi avsendaren (den som snakkar), kan understreke med tonefall, andletsuttrykk og kroppshaldning at han ikkje meiner det han seier. Viss ein elev seier i eit monotont og uengasjert tonefall med slappe smilemusklar og bøygd hovud: «Jippi, vi skal ha norsk i dag,» vil måten han seier det på og kroppsspråket tydeleggjere ironien. I muntleg kommunikasjon er det også ofte slik at mottakar og avsendar kjenner kvarandre. Ein person som er kjend for å mislike faget norsk, vil dermed kunne bli oppfatta som ironisk når han seier «Jippi, vi skal ha norsk i dag,» utan at han treng å legge så mykje tonefall eller kroppsspråk i det. Å overdrive kroppsfakter og stemmebruk på ein måte som tilhøyrarane oppfattar som upassande, kan og vere med på å understreke ironien i det som blir sagt.

I skrift kan det vere vanskelegare å oppdage ironien. Vi må kjenne til kva for situasjon teksten blei skriven inn i og helst vite litt om forfattaren sine haldningar for å vere sikker på at vi forstår om det som er skrive, er ironisk eller ikkje.

Det som er det vesentlege med ironi, og som gjer det til eit kraftfullt og viktig verkemiddel i ein del samanhengar, er at den som brukar ironi, treng ikkje å stå for det han har sagt eller skrive. Den som er ironisk, kan ikkje takast for det. Så lenge han sjølv ikkje innrømmer at han er ironisk, slepp han fri frå å innrømme at han har meint det mottakarane har oppfatta. Ironi kan difor brukast til å avsløre maktmisbruk og falske autoritetar, og det kan brukast til å halde vanskelege kjensler på avstand. I så måte kan ironi vere svært nyttig, både når vi bruker det ovanfor andre og for vår eigen del.

Men det har vorte sagt at det er med ironi som med beroligande medikament: Det er eit spørsmål om dose før løysinga blir problemet.[1] Ironi gjer mottakarane usikre. Dersom ein person som er i ein maktposisjon, til dømes ein lærar eller ein forelder, er ironisk mot dei han omgåast som han har makt over, til dømes elevane eller borna sine, kan det fort opplevast som eit maktovergrep. Dersom vi for ofte og for mykje er ironiske i møte med alle vanskelege kjenslemessige problem, blir vi distanserte, vi risikerer å ikkje kome til rette med dei vanskelege kjenslene, og vi kan ende opp med å ikkje klare å sette reine, rette ord på det som er vanskeleg.

I sum kan vi seie at ironi er eit sterkt verkemiddel, som kan vere vanskeleg å oppdage i skrift, og som må brukast måteleg og vettugt, fordi det også kan skade, viss det blir brukt i feil samanheng eller for mykje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Finn Skårderud. Uro - en reise i det moderne selvet