St. Austell
| St. Austell | |||
| Austol | |||
| by | |||
High Cross Street. Foto: Derek Harper | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Cornwall | ||
| Folketal | 21 054 (2017)[1] | ||
| Postnummer | PL25 | ||
| Retningsnummer | 01726 | ||
![]() St. Austell 50°20′17″N 4°47′42″W / 50.338°N 4.795°W | |||
| Wikimedia Commons: St Austell | |||
St. Austell (uttalast s'norsel, kornisk Sen Ostell) er ein by i Cornwall, England. Han er administrasjonssenter for distriktet Restormel, og er den største byen i Cornwall etter folketal med i overkant av 21 000 i sentrum; i tillegg kjem nokre verdslege sokn i utkanten som høyrer til byen.
Byen var den første staden i Europa der leire til produksjon av porselen vart teke ut, og det var denne industrien som førte til at han byrja å vekse. Leira vart sendt til Charlestown, som er næraste hamna. Det blir enno teke ut porselensleire, men sidan 1980-åra har næringa hatt nedgangstider.
Turisme har vorte ein stadig viktigare næringsveg. Det som særleg trekkjer tilreisande er strendane i nærleiken, og Eden Project, biosfærer der ein har planter frå heile verda, i eit av dei nedlagde leirtaka.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «St. Austell» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juli 2011.
