St. Georgbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°55′10″N 35°33′3″E
St. Georgbukta
bukt
2012 Corniche Beirut 7156788773.jpg
St. Georgbukta i Middelhavet og Sannine i bakgrunnen frå Corniche.
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
By Beirut
Koordinatar 33°55′10″N 35°33′3″E
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Saint George Bay

St. Georgbukta (i Libanon òg kalla Golfe de Saint-Georges) er ei bukt på nordkysten av Beirut i Libanon. Beirutelva munnar ut i bukta.

I følgje ei segn var det ved dene bukta St. Georg drap ein drake.[1] Bukta byrjar ved Beirutneset og husar ein marina og det kjende landemerket Saint George Hotel. Hotellet har fått namn etter bukta, og strekkjr seg nord til Dbayeh marina. Høge bustadblokker og hotell ligg ved bukta i lag med ein promenade med palmetre, Corniche. Porta of Beirut dekkjer den austlege delen av bukta.

St. Georgbukta i 1880.

Bukta var vertskap for ein verdsmeisterskap i segling i Fireball-klassen i 1971 og hadde fleire år ein internasjonal vasskikonkurranse[2] frå 1955 fram til borgarkrigen byrja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Helen Gibson, «St. George The omnipresent", Saudi Aramco World, november/desember 1971
  2. Gerry Loughran, «Games Arabs Play" Aramco World Magazine, Volume 23, Number 7, Summer 1972