Beirutelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beirutelva
elv
Land  Libanon
Kart
Beirutelva
33°54′19″N 35°32′31″E / 33.9052°N 35.5419°E / 33.9052; 35.5419
Wikimedia Commons: Beirut River

Beirutelva (arabisk نهر بيروت, Nahr Bayrūt) er ei elv i Libanon. Elva renn frå aust til vest, og svingar så nord, mellom sjølve byen Beirut og dei austlege forstadane, hovudsakleg Bourj Hammoud og Sin el Fil. I følgje ei populær seg skal St. Georg ha drepe ein drake ved elvemunningen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Elva får vatn frå snøsmelting og kjelder på vestsida av fjellet Kneisseh og sørsida av Sannine[2] nær byane Hammana og Falougha,[3] og munnar ut i Middelhavet nord for Beirut, like aust for hamna i byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under steinalderen var Beirut to øyar i deltaet til Beirutelva, men over hundreåra mudra elva til og dei to øyane vart knytte saman.[4] Høgrebreidda av Beirutelva, sørvest for fjellbyen Beit Mery på 125 meter over havet, er ein arkeologisk stad, «Beit Mery I», som vart funnen av jesuittpresten Dillenseger som fann ut at det var ein akeuleisk stad.[5]

I antikken vart elva kalla Magoras,[6] og her vart guden Heliopolis dyrka.[7] Romarane bygde ein akvedukt, som hadde ei 240 meter bruk som kryssa elva, for å gje Beirut (Berytus) vatn.[8]

Ein trur at Fakhreddine, renessanseprinsen i Libanon, bygde eller reparerte brua med sju bogar over elva, som var ein bekk om sommaren, men som kan verte eit stryk om vinteren.[9][10]

Under industrialiseringa vart det bygd mange lagerhus og bygg for skipstenester langs elva, fordi ho låg nær hamna i byen, særleg i Bourj Hammoud.[11][12] På midten av 1800-talet hadde Beirut utvida seg til innafor 10 km av elva, som framleis gav elva vatn via den romerske akvedukten.[13]

Natur[endre | endre wikiteksten]

Beirutdalen[endre | endre wikiteksten]

I følgje naturvernarar, er den 20 km lange Beirutdalen, særleg den øvre delen, eit av dei viktigaste områda for trekkfuglar i Libanon, inkludert 33 forskjellige fugleartar, som spurvehauk, våkar, stork, pelikan, nattramn bieter og svale.[14]

Byspreiing[endre | endre wikiteksten]

Elvedalen strekkjer seg over fleire kommunar som ikkje formelt verna elva frå jakt, eld, byutvikling, avskoging, vassforureining og overbeiting.[14] Så snart elva renn inn i området kring Beirut, vert ho særs forureina, med industrielt avfall frå dei forskjellige fabrikkane i området, kloakk og avfall frå slakteriet i Karantina som dei største kjeldene.[15] I 2004 bygde Cedar Environmental eit kompostanlegg som skulle hindre slakteriet å dumpe avfall rett i Beirutelva.[3][16]

Flaumfare[endre | endre wikiteksten]

Elva vart omgjort frå ei elv med breidder til ein betongkanal i 1968.[17] I 1970 vart det gjort omfattande arbeid langs elvebreidda for å verne den austlege forstaden Bourj Hammoud mot flaumar. I 1974 vart ETEC Consulting Engineers hyrt inn for å lage eit flaumkontrollsystem som omfatta ein 32 meter brei kanal med kapasitet på 800 m3/s.[18]

I 2005 førte uvêr til flaumskadar i forstaden Bourj Hammoud og Karantina, og ei bru ved hamna i Beirut kollapsa under vasstrykket.[19] In 2005, the City of Bourj Hammoud in conjunction with CETE Méditerranée with logistical support from the City of Marseille, initiated a risks diagnosis that revealed seismic, flood and technological risks for the suburb.[20]

Rehabilitering av elva[endre | endre wikiteksten]

Libanesarane har vist stor interesse for å rehabilitere Beirutelva og gjere ho om til ein berekraftig, grønt offentleg område, og eit miljøvenleg transport- og vassreservesystem.

Så langt har ikkje den libanesiske regjeringa teke initiativ til å rehabilitere elva, og dei mange kreative ideane frå mange libanesiske naturvernarar og arkitektar står framleis berre på papiret.

Bruer[endre | endre wikiteksten]

Det er i dag seks bruer som kryssar elva, og knyter Beirut saman med forstadane sine. Frå nord til sør er desse:

  • Charles Helou
  • Armenia
  • Yerevan
  • El Wati
  • Furn el Chebak
  • El Basha

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Auguste Frédéric Louis Viesse de Marmont, The Present State of the Turkish Empire, page 237
  2. Thomson, William McClure. The land and the Book: or, Biblical illustrations drawn from the manners and customs, the scenes and scenery, of the Holy Land
  3. 3,0 3,1 arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 21. oktober 2012, henta 14. august 2014 
  4. arkivkopi, arkivert frå originalen 18. desember 2015, henta 14. august 2014 
  5. Lorraine Copeland; P. Wescombe (1965). Inventory of Stone-Age sites i Libanon, p. 75. Imprimerie Catholique. Retrieved 21. juli 2011.
  6. Khoury and Ragette, Beirut of Tomorrow: Planning for Reconstruction
  7. Cook, Stanley Arthur. The Religion of Ancient Palestine in Light of Archaeology
  8. Morgan, James F. The Prodigal Empire: The Fall of the Western Roman Empire, page 87
  9. Porter, Josias. A handbook for travellers in Syria and Palestine: Volume 1, page 407
  10. Inchbold, A. C. Under the Syrian sun: the Lebanon, Baalbek, Galilea, and Judæa: Volume 1, page 204
  11. http://almashriq.hiof.no/lebanon/900/930/930.1/beirut/reconstruction/davie/Davie-text.html
  12. Berytus Archaeological Studies: Volume 43; Volume 43, page 246 - 247
  13. Fawaz, Leila. An Occasion for War: Civil Conflict i Lebanon and Damascus in 1860, page 116
  14. 14,0 14,1 arkivkopi, arkivert frå originalen 14. august 2014, henta 14. august 2014 
  15. "Beirut River retains 'honor' of being among most polluted», Daily Star 2004-11-02
  16. arkivkopi, arkivert frå originalen 6. oktober 2011, henta 14. august 2014 
  17. Frem, Sandra. Nahr Beirut : Projections on an Infrastructural Landscape
  18. arkivkopi, arkivert frå originalen 14. august 2014, henta 14. august 2014 
  19. http://www.dailystar.com.lb/News/Local-News/Jan/25/Storms-cause-flood-damage-along-Beirut-River.ashx
  20. http://www.euromedina.org/bibliotheque_fichiers/Rapport_Bourj_Hammoud_en.pdf

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]