St. Paulus-øya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

St. Paulus-øya er ei flat lita øy (eller faktisk to småøyar i høg sjø) utanfor øya Malta. Ho har ikkje vore busett på mange år.

I år 60 gav den romerske guvernøren i Palestina, Porcius Festus, Paulus lov til å reise frå Caesarea Maritima til Rome for å stille for retten for kjetteri føre keisar Nero. Han vart plassert på ein handelsgallei i lag med mange andre folk, inkludert venene evangelisten Lukas og Aristarcus. Dei gjekk om bord i eit større skip på Kreta og på reisa her i frå kom dei ut for eit uvêr. Paulus skal ha roa alle om bord og fortalte at dei snart skulle kome trygt til land. I følgje Apostelgjerningane dreiv dei i land ved øya Melita og innbyggjarane der tok godt vare på dei og alle om bord i skipet vart redda. Enkelte hevdar at det var på St. Paulus-øya at skipet dreiv i land.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 35°57′55″N 14°24′2″E