Stadio Olimpico

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stadio Olimpico i 2014
Stadio Olimpico på 1950-talet

Stadio Olimpico er ein idrettsarena i Roma med plass til 70 634 tilskodarar. Stadion ligg i norddelen av den italienske hovudstaden og er heimebane til fotballaga AS Roma og SS Lazio, samt det italienske landslaget i rugby.

Stadio Olimpico vart bygt 1928-36 og hovudarena under Sommar-OL 1960. Finalane i EM i fotball 1968 og VM i fotball 1990 fann stad på Stadio Olimpico. Elles har fleire finalar i dei europeiske fotballturnerinagne for lag funne stad på arenaen, dessutan store friidrettstemne og konsertar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]