EM i fotball 1968

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frimerke frå Ajman med Italias vinnarlag under EM 1968
Lagoppstillingane i den andre og avgjerande EM-finalen 1968

Europameisterskapen i fotball 1968 var den tredje europameisterskapen i fotball. Meisterskapen vart avvikla i Italia med fire deltakarland i tida 5. til 10. juni 1968. Omframt vertsnasjonen Italia hadde England, Jugoslavia og Sovjetunionen kvalifisert seg gjennom gruppespel og kvartfinalar i tida hausten 1966-våren 1968.

Italia og Sovjetunionen spela 0-0 i fyrste semifinalen, Italia fekk så finaleplass etter myntkast. I den andre semifinalen sigra Jugoslavia 1-0 over England etter eit mål av Dragan Dzajic. England vann så bronsemedalje i meisterskapen med 2-0 over Sovjetunionen, måla vart skåra av Bobby Charlton og Geoff Hurst.

Finalespel[endre | endre wikiteksten]

8. juni 1968 møttest Italia og Jugoslavia og spela 1-1 i den fyrste finalen. To dagar seinare var det klar for omkamp, begge desse kampane gjekk på Stadio Olimpico i Roma. I omkampen gav Luigi Riva Italia leiinga i det 12. minutt og Pietro Anastasi la på til 2-0 etter 31. minutt. 2-0 vart også sluttresultatet.

Italia stilte med fylgjande mannskap i omkampen; Dino Zoff, Tarcisio Burgnich, Giacinto Facchetti (kaptein), Roberto Rosato, Aristide Guarneri, Sandro Salvadore, Angelo Domenghini, Sandro Mazzola, Pietro Anastasi, Giancarlo De Sisti, Luigi Riva.

Jugoslavia mønstra Ilija Pantelić, Mirsad Fazlagić, Milan Damjanović, Blagoje Paunović, Dragan Holcer, Ilija Petković, Vahidin Musemić, Dragan Džajić, Miroslav Pavlović, Jovan Aćimović og Dobrivoje Trivić.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Rothmans Football Yearbook 1972-73