Stamveg
Stamvegar er hovudvegar innanfor eit distrikt eller mellom distrikt. Dei er skilta med kvite tal på grøn bakgrunn. Alle europaveger er stamvegar, og i tillegg er fleire riksvegar heilt eller delvis klassifiserte som dette av samferdselsdepartementet etter godkjenning i Stortinget.
Stamvegar har generelt høgare vegstandard enn andre riksvegar, sjølv om dei kan ha mindre trafikk. Den minste vegbreidden på ein stamveg utanfor tettbygd strøk er ifølge vegnormalen [1] 8,5 meter. Stamvegar har eigne budsjettmiddel, og vegforkjemparar ønskjer derfor gjerne at «deira» veg skal bli klassifisert som stamveg slik at han kan få betre finansiering og standard.
Kriterium for stamvegar[endre | endre wikiteksten]
For å bli kalla stamveg må vegen passa til minst eitt av desse punkta:
- Europaveg.
- Hovedtransportrute til og frå utlandet, fortrinnsvis tilknytt eit stamvegnett i nabolandet.
- Gjennomgåande rute med stor tyding for transport mellom landsdelar.
Historikk[endre | endre wikiteksten]
Stamvegnettet har utvikla seg gradvis frå 1984. Seinare er nettet blitt utvida fleire gonger, mellom anna ved at alle europavegane blei tekne opp som som stamvegar.