Stara Zagora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 42°25′29″N 25°37′32″E
Stara Zagora
Стара Загора
Kommune
Samarsko Zname Panorama.jpg
Utsyn mot Stara Zagora
Våpenskjold
Land Flag of Bulgaria.svg Bulgaria
Provins Stara Zagora
Koordinatar 42°25′29″N 25°37′32″E
Høgd 196 m
Areal 1 061,852 km² [1]
Folketal 160 108 (2011) [2]
Folketettleik 150,78 / km²
Tidssone EET (UTC+2)
Postnummer 6000
Retningsnummer 042

Stara Zagora
42°25′60″ N 25°39′0″ E
Stara Zagora kommune i provinsen Stara Zagora
Stara Zagora kommune i provinsen Stara Zagora
Wikimedia Commons: Stara Zagora Municipality
Nettstad: starazagora.bg

Stara Zagora (bulgarsk Стара Загора) er ein by og ein kommune i provinsen Stara Zagora i Bulgaria. Kommunen omfattar byen Stara Zagora og 51 andre busetnader.

Byen er den sjette største i Bulgaria, og er eit viktig økonomisk senter. Han ligg om lag 231 km frå Sofia. Stara Zagora er kjend for dei rette gatene, lindetre og poetar.

I følgje handelskammeret i byen er Stara Zagora ein av dei eldste busetnadane i Europa, og er minst åtte tusen år gamal.

Areal og folketal[endre | endre wikiteksten]

Kommunen har eit areal på 1 062 km2.[1] Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 160 108 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 138 272 innbyggjarar.[2]

Til storbyområdet for Stara Zagora høyrer heile kommunen Stara Zagora i tillegg til kommunane Gălăbovo, Opan og Radnevo.[3] Heile storbyområdet har eit samla innbyggjartal på 196 849.[2]

Dei største busetnadene i kommunen er:[2]

Busetnad Bulgarsk namn Folketal (2011)
Stara Zagora Стара Загора  138 272
Khrisjteni Хрищени  1 749
Bogomilovo Богомилово  1 552
Dălboki Дълбоки  1 532
Khan Asparukhovo Хан Аспарухово  1 158

Historie[endre | endre wikiteksten]

Thrakarane busette seg i området rundt 300 til 400 hundreår fvt., og kalla staden Beroe. Her grov ein ut kopar og tinn, og eit gunstig klima gav gode forhold for jordbruk. Romarane bygde opp landsbyen til festninga Augusta Trajana, ein blømande by. Byen låg ved kryssingspunktet til ulike handelsvegar gjennom Sentral-Europa, Litleasia og Romarriket. På denne tida var det grekarar, romarar og thrakarar som heldt til i byen. Dei skapte storarta bad og kanalar. Etter 500-talet heitte byen Vereja og seinare etter den bysantinske keiserinna Irinopolis. I mellomalderen kallar bulgararane byen Boruj og Tjelesnik, tyrkarane Eski Hisar (gamal festning) og Eski Zagra, som førte til det noverande namnet. Sidan 1871 har byen hatt sitt noverande namn.

Under Det osmanske riket var byen kjend for sin silke-, lêr- og koparindustri. Mange moskear vart ført opp, mellom anna den store Eski-moskeen. Byen brann ned fleire gongar. Under den russisk-tyrkiske krigen (1877-1878) stod det fleire slag i byen, og han vart nesten heilt øydelagd av tyrkarane. Etter frigjeving frå det osmanske styret (1878) vart byen bygd opp att og utvida med rettvinkla gater.

Kjende personar frå Stara Zagora[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018 («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1: Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Население към 01.02.2011 г. по области, общини, населени места и възраст («Befolkning 01.02.2011 i regionar, kommunar og busetnader etter alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  3. Urban Audit – Settlements and Municipalities («Storbyområde – Busetnader og kommunar), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»