Statens landbruksforvalting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Statens landbruksforvalting (SLF) var ein norsk statleg etat under Landbruks- og matdepartementet som skulle bidra til ei samordna, heilheitleg og effektiv forvaltning av økonomiske og juridiske verkemiddel retta mot landbruket og landbruksbasert næringsmiddelindustri. Etaten hadde ansvar for å sikre ei stabil matforsyning og ein stabil marknad med godt fungerande næringsmiddelindustri. Statens landbruksforvalting held til i Oslo og hadde omkring 190 tilsette. SLF vart skipa 1. juli 2000.[1]

Den 1. juli 2014 blei SLF slått saman med Statens reindriftsforvaltning til Landbruksdirektoratet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Statens landbruksforvaltning». Norsk samfunnsvitenskaplig forvaltningsdatabase. Henta 8. mars 2015. 
  2. «Nytt Landbruksdirektorat». Landbruksdirektoratet. 6. juni 2014. Henta 8. mars 2015.