Statens småbruklærerskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°51′21″N 10°26′00″E / 59.85583°N 10.43333°E / 59.85583; 10.43333

Sem Gjestegård
Foto: Erlend Bjørtvedt

Statens småbruklærerskole vart etablert på Sem i Asker i 1914 og var i drift til 1962. Frå 1995 vart lokala i ein del år nytta som kurs- og konferansesenter under namnet Sem Gjestegård.

Den første private landbruksskulen på Sem vart starta på slutten av 1800-talet. Etter at Stortinget i 1909 sette ned ein komité for å utgreie landbruksutdanninga i Noreg, vart det vedtatt å etablere ein skule som skulle utdanne lærarar til å undervise småbrukskular/landbrukskular, og i 1914 ble Statens småbruklærerskole på Øvre Sem etablert. Formålet med skolen var å utdanne lærarar for småbrukar, legge til rette for intensiv og rasjonell drift av dei mange småbruka i landet og spesielt for å gi støtte i utviklinga av smånæringar. Undervisninga var retta mot praktisk drift i jordbruk, husdyrbruk og hagebruk.

Bygningsmassen på Sem har hus for ulike type husdyrdrift, veksthus, vevstue, smie mm., og viser korleis skulen vart driven med sterkt fokus på opplæring innanfor praktisk landbruk. Sem utdanna lærarar som skulle undervise i småbrukdrift i småskala. Skulen var på mange måtar eit motstykke til Norges Landbrukshøgskule i Ås, som utdanna sivilagronomar og forstkandidatar og la vekt på drift av større landbrukseigedommar.

1962 vart Statens småbrukslærerskole på Sem fusjonert med Norges Landbrukshøgskole på Ås. På Sem dreiv Landbrukshøgskulen institutt for birøkt, og dei brukte lokala til halvårige pedagogiske seminar for NLH-kandidatar og elles til kortare kurs og konferansar.

1991 vedtok Stortinget at Sem skulle drivast vidare som eit kurs- og konferansested. I 2014 vart eigedommen selt til Asker kommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]