Statistics New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Statistics New Zealand (På māori Te Tari Tatau eller Tatauranga Aotearoa) er den statlege newzealandske statistiske organisasjonen med ansvar for landet sine offisielle statistikkar i medhald av statistikklova av 1975 (the 1975 Statistics Act). Frå 1955 til 1994 var det kjent som Department of Statistics.

Oppgåver[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til dei sentrale leiaroppgåvene står organisasjonen for folketeljinga i landet kvart femte år.Mange av statistikkane som kjem ut herfrå er gratis og fritt tilgjengelege frå heimesida til Statistics New Zealand. I tillegg utarbeider organisasjonen statistiske klassifikasjonar og standardar for New Zealand, og leier pågåande forsking og utvikling av relevante statistiske metodar. Det vert også gjeve teknisk assistanse til utviklingsland kring Stillehavet, med særskilt fokus på øynasjonar[1]. Statistics New Zealand er tillagt utvikling og framlegging av alle statistikkar som utgjer landet sitt offisielle statistikksystem.

Copyright[endre | endre wikiteksten]

Heimesida til Statistics New Zealand fastset at «Informasjon henta frå Statistics New Zealand kan fritt brukast, kopierast eller siterast, i fall ikkje anna er uttrykt. Statistics New Zealand må i alle tilfelle tilkjennegjevast som kjelde[2].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]