Statistisk signifikans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Statistisk signifikans er eit vitskapleg omgrep som vert nytta for å vurdera om samanhengane, forskjellane eller endringane som ein har funne i ei statistisk undersøking er reelle.[1] Eit resultat av ein statistisk analyse vert kalla statistisk signifikant dersom det er lite sannsynleg at resultatet har oppstått tilfeldig. Omgrepet signifikans i statistisk samanheng tyder ikkje naudsynt at noko er viktig, slik det ofte kan i andre samanhengar. Signifikans i denne samanheng viser berre til at noko sannsynlegvis ikkje er tilfeldig.

Signifikansnivå er eit uttrykk som ofte vert nytta for å seia kvar statistisk signifikant eit resultat må vera for å vera akseptabelt.[2] Statistisk signifikans kan blant anna målast som p-verdi, eller uttrykkjast ved konfidensintervall.[3] Statistisk signifikans er eit sentralt omgrep innan hypotesetesting, metodar som ofte vert nytta når ein skal utføra ein statistisk analyse til å taka avgjerder.

Ved måling av statistisk signifikans må ein taka stilling til nullhypotesen.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ein statistisk analyse tek føre seg eit datamateriale, og søkjer å finna ulike tendensar og fenomen ut ifrå korso data varierer mellom ymse måtar å gruppera dei på. Noko variasjon i datamateriale vil det alltid vera av reint høve. Ved utrekningar av statistisk signifikans kan ein finna ut kvar sannsynleg det er at observerte variasjonar er eit utslag av tilfeldig variasjon. I slike tilfelle er omgrepet statistisk signifikans knytt til matematisk definerte mål på signifikans, til dømes p-verdi eller konfidensintervall. Utrekningar av signifikans er viktig for å kvalitetssikra ein statistisk analyse, og kan delvis vera til hjelp ved planlegging av datainnsamling. Resultata av ein statistisk analyse vil alltid vera noko usikre, men ved utrekning av statistisk signifikans kan avdekkja kvar sikre eller usikre resultata er.[3]

Kvantifisering[endre | endre wikiteksten]

Statistisk signifikans vert ofte målt som p-verdi. P-verdien for eit resultat av ein analyse er sannsynet for at eit tilfeldig resultat får ein minst like ekstrem verdi. Ein låg p-verdi vil seia at det er lite sannsyn for at resultatet har oppstått tilfeldig; og svarer dimed til ein høg signifikans. Derimot, ein høg p-verdi svarer til låg signifikans.

Ulempler[endre | endre wikiteksten]

Ei påvising av statistisk signifikans i ein vitskapleg studie tyder ikkje naudsynt at ein kan konludera med å ha påvist en kausalitet, altså ein årsakssamanheng.[1]

Det er viktig å vera klar over at signifikansnivå indikerer om eit resultat er statistisk signifikant, men at dette nivået ikkje gjev ei objektiv grense om det er rett eller kan falsifiserast. Mangel på objektive kriterium gjer at mange forskarar meiner omgrepa er problematiske.[2][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «statistisk signifikant» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. 2,0 2,1 McShane, Blake; Greenland, Sander; Amrhein, Valentin (Mars 2019). «Scientists rise up against statistical significance». Nature (på engelsk) 567: 305. doi:10.1038/d41586-019-00857-9. Henta 12. april 2019. 
  3. 3,0 3,1 «Hva er p-verdi og hva betyr statistisk signifikant?». forskning.no (på norsk). 8. april 2019. Henta 12. april 2019. 
  4. «Statistisk signifikans: 800 forskere advarer mot misbruk av metode». forskning.no (på norsk). 8. april 2019. Henta 12. april 2019.