Stefan George

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stefan George i 1910

Stefan Anton George (12. juli 18684. desember 1933) var ein tysk forfattar, framfor alt lyrikar. Han utvikla ein særeigen lyrisk stil, påverka av den franske symbolismen.

George var katolikk og studerte filologi og kunsthistorie. I 1892 byrja han gje ut «Blätter für Kunst», eit tidsskrift han styrte i 27 år. Gjennom denne publikasjonen vart han førar for ein generasjon av unge diktarar og kritikarar som avviste naturalismen. Kunst og dikting skulle stå høgt over kvardagen og fri mennesket frå det materialistiske i tilværet. George sette strenge krav til så vel form, som ordval og innhald. «Diktinga hans var og skulle vera for dei få utvalde.» Han debuterte i 1890 med diktsamlinga Hymnen, seinare kom mellom andre Der Teppich des Lebens, Der siebente Ring og i 1914 Der Stern des Bundes. Das Jahr der Seele frå 1897 kom ut på bokmål i 2003 som Sjelens år. Elles omsette George verk av Dante Alighieri, William Shakespeare, Charles Baudelaire, J.P. Jacobsen, Henrik Ibsen og Gabriele d’Annunzio.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Stefan George