Steigarsau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Steigar)
Hopp til navigering Hopp til søk

Steigarsau er ein nordnorsk sauerase, avla fram i 1880-åra i Steigen i Nordland etter kryssing mellom importert sjeviotsau av typen sutherland og lokal nord-norsk spælsau.

Utsjånad og eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Steigarsauen er ein middelsstor sau, høgstilt på nette bein, med ein levandevekt for søyer på rundt 70-80 kg. Rasen er kjend for god ullkvalitet.

Ryggen til steigarsauen skal vere lang og godt kjøttsett. Hovudet skal vere lett å kjenne att på bogen i naseryggen. Hårlaget på hovudet kan vere noko gulaktig, av og til med mørke flekkar, men ullfellen skal ikkje ha svarte hår. Nasebor og klauver skal vere svarte.

Sauen er roleg og produktiv med godt utvikla morsinstinkt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det var Steigens Landboforening som ville betre sauehaldet i området ved å kjøpe inn vêrar og søyer av sutherland (også kalla nordskotsk sjeviot) og plasserte dei rundt om i Steigen. Desse sauene kryssa seg med lokale spælsauer, og resultatet av denne kryssinga vart utgangspunktet for steigarsauen. Seinare vart òg noko leicester-sau kryssa inn.

Steigarsauen vart presentert på ei utstilling i 1898 , og etterkvart fekk han stor utbreiing i Nordland, Troms, og delar av Trøndelag. Den første stamboka vart utgjeven i 1934, men offisielt vart han ikkje godkjend som eigen rase før i 1954.

Norsk genressurssenter og Genressursutvalget for husdyr definerte i 2008 steigarsauen som ein nasjonal verneverdig rase. Norsk genressurssenter har i 2010 oversikt over om lag 650 vinterfôra sauer fordelt på om lag 14 besetningar. Det er usikkert kor reinrasa alle desse søyene er, og rasen er enno rekna som truga.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]