Steinar Aas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Steinar Aas (fødd i 1965 i Bodø) er ein norsk professor i historie tilsett ved Nord universitet i Bodø.[1] Aas har særleg arbeidd med moderne norsk byhistorie, og har skrive eit bind av Narviks historie (2001), Byen, banen og bolaget 1902-1950 ( Narviks historie bind 1])[2] og tredje bind i Bodøs historie, Forvandlinga.

Aas var mange år tilsett i administrativ stilling ved det Samfunnsvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Tromsø (frå 1993-98 og 2001-2009), der han òg hadde utdanninga si frå. Han har hatt ei rekkje styreverv i ulike organisasjonar som Fortidsminneforeningen, Nynorsklaget og litteraturfestivalen Det Vilde Ord. Frå 2009 til 2018 var han òg styremedlem i Narviksenteret - «Nordnorsk stiftelse for historieformidling menneskerettar og fredsbygging».

Monografiar og bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Narviks historie. Bind 1 1902-1950. Byen, banen og bolaget. Narvik: Stiftelsen Narviks historieverk 2001, 555 s. (Bokmål)
  • Tragedien Umberto Nobile. Helt eller svikar?, Det Norske Samlaget 2002, 195 s. (Nynorsk)
  • Å eg minnest". Regionbyggere i hovedstaden. Nordlændingernes Forening 1862-2012, Orkana Forlag 2012, 319 s. (Bokmål)
  • Forvandlinga. Bodøs historie 1890-1950, Fagbokforlaget 2014, 575 s. (Bokmål)

Utvalde artiklar[endre | endre wikiteksten]

  • «Konstruksjon av byfellesskap og byidentitet - om identitetsskaping i lokalhistoria»,. Heimen - Lokal og regional historie 2001 ;Volum 38.
  • «One Man's Foolishness Led to the Death of 14 Men. Norwegian Reactions to Umberto Nobile and the "Italia" Disaster». Acta Borealia 2003 ;Volum 2. s. 169-194
  • «"En stor teknisk landvinning" for hele Nord-Norge.» I I spissen for utviklingen. Høyere utdanning i Narvik. Narvik: Høgskolen i Narvik 2005, s. 8-29 (Bokmål)
  • «Minnepolitikk i endring - minnekulturen i og rundt Narvik 1940.» I Flerstemte minner. Hertervig Akademisk 2010, s. 71-96 (Bokmål)
  • «Norwegian and Soviet/Russian World War II Memory Policy During the Cold War and the Post-Soviet Years.» Acta Borealia 2012 ;Volum 29.(2) s. 216-239
  • «Kvinnebyen Bodø før 1940.» I Politikk, profesjon og vekkelse. Kvinner i Norge på 1800- og 1900-tallet. Fagbokforlaget 2014, s. 111-139 (Nynorsk)
  • «Gjenreisningsbyen Bodø. Ein omstridt byplan sosialdemokratiet gjorde til sin.» I Årbok - Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring 2015 s. 165-184 (Nynorsk)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Steinar Aas - Nord universitet», www.nord.no, henta 19. november 2019 
  2. Aas, Steinar (2001), Narviks historie: 1902-1950. Byen, banen og bolaget. Bd 1 (på norsk), Stiftelsen Narviks historieverk, ISBN 9788299612814, henta 19. november 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]