Steiner Kvalø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steiner Kvalø
Fødd29. juli 1922
Vikna
Død18. mai 2015 (92 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, fiskar, motstandskjempar
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1973–1977)
  • vararepresentant til Stortinget (1969–1973)
  • vararepresentant til Stortinget (1973–1977)
  • vararepresentant til Stortinget (1977–1981) Sjå dette på Wikidata

Steiner Arvid Kvalø (29. juli 192218. mai 2015) var ein norsk fiskeskipper, politikar og motstandsmann frå Vikna i Nord-Trøndelag. Han representerte Nord-Trøndelag og ArbeidarpartietStortinget 1973–77.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Kvalø voks opp på Kvaløya i Vikna. I 1941 var han med å danne ei lokal Milorg-avdeling som tok imot våpen, mat og klede frå Storbritannia. Ved 70-årsjubileet for frigjeringa, få dagar før han døydde, tok han imot regjeringas minnemedalje for sin motstandskamp.

Kvalø byrja fiske straks etter fullført folkeskule, då han og faren kjøpte ein bindalsbåt med påhengsmotor. Seinare var han skipper på eigne farty. Den 106 fot lange ringnotsnurparen «Viknabuen» var den største.

Heimstaden Kvaløya vart fråflytta like etter 1945. Steiner Kvalø bygde frå 1948 hus og heim i Rørvik. Han melde seg inn i Arbeidarpartiet i 1939 og var medlem i Vikna kommunestyre 1956–71, 1980–83 og 1992–95. Frå 1965 til 1978 var medlem i Arbeidarpartiet sitt fiskeripolitiske utval. Kvalø var vald til vararepresentant til Stortinget 1969–81. Heile perioden 1973–77 møtte han som fast medlem, ettersom Johan Støa døydde like etter valet. På Tinget hadde han sete i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Gjennom åra hadde Kvalø ei rekke tillitsverv innom fiskeria, mellom anna var han styremedlem i Norges Råfisklag i 31 år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]