Hopp til innhald

Stjørdalselva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stjørdalselva er ei 50 km lang elv i Trøndelag som strekkjer seg frå svenskegrensa i Meråker kommune til Trondheimsfjorden i Stjørdal kommune - like ved Trondheim lufthamn, Værnes.

Stjørdalselva hadde sitt utløp mellom Tangen og Sutterøya inntil slutten av femtiåra. Då vart det grave nytt utløp tvers gjennom Langøra slik at flyplassen kunne utvidast over det gamle elveleiet.

Stjørdalselva er ei av dei beste lakseelvene i Midt-Noreg og kan by på ei lakseførande strekning på totalt 48 km, der 34 km er i Stjørdal kommune og 14 km i Meråker kommune. Kvart år blir det tatt store mengder smålaks, og storlaksen har ein storleik på 6-15 kg.

Laksefisket i Stjørdalselva har lange tradisjonar, der mellom anna engelske adelsmenn utøvde sin edle sport i store delar av elva heilt tilbake til midten på 1800-talet.

Isproppar og flaumar den 31. januar 2006 gav den største flaumen sidan NVE starta flaummåling i området for 90 år sidan. I løpet av tre døgn fall det 150-300 mm nedbør som regn over området og snøsmeltinga medverka med 10-50 mm.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]