Stjernelue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mann i Finnmark med stjernelue i 1962.

Stjernelue eller firevindslue (nordsamisk čiehgahpir eller sávká) er ei tradisjonell samisk mannslue. Ho er kjenneteikna av ein fylt luepose med fire utstikkande spissar øvst, og har sylinderform nedst. Lueposen er fylt med dun, slik at spissane står ut som på ei stjerne.[1]

Dette er ein type lue som har vore utbreidd blant samiske grupper i eit stort område.[2] Lua blei truleg utvikla av samar på Varangerhalvøya etter førebilde av luer brukte av russiske handelsreisande på byrjinga av 1800-talet. Opphavleg var lua fyrkanta, men spissane blei snart forlenga, litt ulikt på ulike hald. Frå kysten av Nordishavet spreidde lua seg og blei vanleg blant samar i Nord-Noreg og Finland.[3] Ho blei ført til Karesuando og Jukkasjärvi i Nord-Sverige då samar frå Kautokeino flytta dit, men er seinare berre blitt brukt i Karesuando.

Stjernelua kom i bruk i Karasjok rundt 1800–1850. Historisk har lua utvikla seg til ein høgare, meir markert brem.[4] Spissande er også blitt meir markerte med tida.

Luene kan ha ulike grunnfargar, som raudt eller naturkvitt, men i dag er blått mest vanleg.[4] Den vanlege Karasjok-lua er blå med raude og gule kantar.[1]

Vinterlua har brem av mår- eller oterskinn, og har duskar på sida. Sommarlua er utan skinn eller duskar.[1]

Karesuandovarianten er ei vinterlue som kan ha ei varmande pute fylt med reinhår eller dun på innsida. Dette er den einaste varianten av stjernelua som har skjerm.[5]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Engström, Nelly Anna Karolina (17. april 2022), «Quiz: Hvorfra kommer disse luene?», NRK (på norsk bokmål), henta 13. mai 2022 
  2. https://munin.uit.no/bitstream/handle/10037/23894/article.pdf?sequence=2
  3. Jukka Pennanen & Klemetti Näkkäläjärvi: Siidastallan: from Lapp communities to modern Sámi life, Siida samemuseum, Enare 2002, s. 82–83. ISBN 951-97845-4-3. 
  4. 4,0 4,1 Guttorm, Gunvor (16. desember 2021). «Karasjok-drakten». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  5. Jannok Porsbo, Susanna; Nordenhem Else: Samiskt dräktskick i Gällivare, Jukkasjärvi och Karesuando socknar, Ájtte, Jokkmokk 1988, Skrifter från Ájtte, 0284-7124 ; 1 (swe). ISBN 91-7810-871-3. Libris 7667279.