Storband

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit storband er eit orkester som speler jazzmusikk. Ordet storband er ofte knytt swingæraen30- og 40-talet, men kan generelt brukast om dei fleste store jazzorkester.

Eit storband er ofte delt opp i fire seksjonar med om lag fire personar kvar. Tradisjonelt er dette ein kompseksjon med trommer, bass, piano og ofte gitar, ein trompetseksjon med fire trompetar, ein tromboneseksjon med tre trombonar og éin basstrombone og ein saksofonseksjon med to altsaksofonar, to tenorsaksofonar og éin barytonsaksofon. I tillegg er det vanleg med vokalist.

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.