Store arkana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Store arkana-korta frå Rider-Waite-stokken.

Store arkana (Major Arcana) er dei namngjevne eller nummererte korta i ein tarotkortstokk brukt til spåing. Namnet blei fyrst brukt av okkultistar om trumfkorta i ein vanleg tarotkortstokk som blei brukt til å spela kortspel med.[1] Det blir ikkje brukt av tarotkortspelarar. Vanlegvis er det 22 store arkana-kort i ein standard kortstokk på 78 kort, og dei er vanlegvis nummererte frå 0 til 21.

Før 1600-talet blei tarotkort berre brukte til å spela spel med, og narren og dei 21 trumfkorta var berre ein del av ein standard kortleik.[2] Dei kan ha hatt ei allegorisk og kulturell tyding for dei, men trumfane hadde ikkje opphavleg noka mystisk eller magisk tyding.[2] Med kortstokkar som er utforma til kortspel fungerer desse korta som permanente trumfkort, og skil dei seg frå dei andre korta - talkorta - som okkultistar kallar «vesle arkana».[3]

Omgrepa «Major» eller store og «Minor» eller vesle Arcana blir brukt innan okkultisme og spådomstradisjonar. Dei blei skapte av Jean-Baptiste Pitois (1811-1877), som skreiv under namnet Paul Christian.[4]

Som dei tidlege italienske stokkane som dei opphavleg byggjer på, skildrar kvart kort i store arkana ein scene, som vanlegvis omfattar ein eller fleire personar, med fleire symbolske element. I mange stokkar har kvart av dei eit nummer (vanlegvis i romartal) og eit namn, sjølv om ikkje alle stokkar har begge desse, og nokre berre har eit bilde. Kvar tarotkortstokk er forskjellig og kan ha ulike konnotasjonar knytt til kunsten, men mesteparten av symbolismen er den same. Dei tidlegaste utgåvene, før ein byrja med kartomanti, hadde bilde utan namn og tall på trionfi eller trumfane (kanskje fordi mange av dei som brukte dei på den tida var analfabetar), og rekkjefølgja på korta var ikkje standardisert.[5] «Styrke» er tradisjonelt det ellevte kortet og «rettferd» det åttande, men den innverknadsrike Rider-Waite-kortstkokken endra plasseringa til desse to korta for å gjera dei meir passande til den astrologiske tilknytinga som var utarbeidd av Hermetic Order of the Golden Dawn, der det åttande kortet er assosiert med den astrologiske Løva og det ellevte med Vekta. Begge plasseringa blir rekna som gyldige.

Tal Tarot de Marseilles[6] Court de Gébelin[2][7] Rider-Waite[8][9] Etteilla[10] Paul Christian[11] Oswald Wirth[12] Golden Dawn[13] Book of Thoth

(Crowley)[14]

0 (okkult) eller utan nummer Narren Narren Narren Narreskap Krokodillen Narren Narren Narren
I Sjonglør Magikaren ("The Thimblerig, or Bateleur") Magikaren Sjukdom Magus Magikaren Magikaren Magus
II Pavinna Øvsteprestinna Øvsteprestinna Etteilla / Female questioner The Gate of the Sanctuary (of the occult Sanctuary) Prestinna Øvsteprestinna Prestinna
III Keisarinna Keisarinna («Dronning») Keisarinna Natt/dag Isis-Urania Keisarinna Keisarinna Keisarinna
IV Keisaren Keisaren («Konge») Keisaren Støtte/Vern The Cubic Stone Keisaren Keisaren Keisaren
V Paven The Hierophant ("High Priest") The Hierophant Ekteksap/union The Master of the Mysteries (of the Arcana) Paven The Hierophant The Hierophant
VI Elskarane Ekteskap Elskarane (ingen)[a] Dei to vegane Elskaren Elskarane Elskarane
VII Stridsvogna Den triunferande Osiris Stridsvogna Dissension Vogna til Osiris Stridsvogna Stridsvogna Stridsvogna
VIII Rettferd Rettferd Styrke Rettferd/jurist Themis ("The Scales and Blade") Rettferd Rettferd Adjustment
IX Eremitten Vismannen

("The Sage" or "The Seeker of Truth and Justice")

Eremitten Traitor The Veiled Lamp Eremitten Eremitten Eremitten
X Lukkehjulet Lukkehjulet Lukkehjulet Fortune / Increase Sfinksen Lukkehjulet Lukkehjulet Lukkehjulet
XI Styrke Fortitude

(«Styrke»)

Justice Styrke / Sovereign The Muzzled Lion ("The Tamed Lion") Styrke Styrke Lust
XII Den hangne mannen Prudence Den hangne mannen Prudence / The People Offeret Den hangne mannen Den hangne mannen Den hangne mannen
XIII (Død) - utan namn Død Død Mortality / Nothingness The Skeleton Reaper ("The Reaper", "The Scythe") Død Død Død
XIV Måtehald Måtehald Måtehald Måtehald/prest The Two Urns ("The Genius of the Sun") Måtehald Måtehald Kunst
XV Djevelen Typhon Djevelen Great Force Typhon Djevelen Djevelen Djevelen
XVI Guds hus The Castle of Plutus ("God-House") Tårnet Misery / Prison The Beheaded Tower ("The Lightning-Struck Tower") Tårnet The Blasted Tower Tårnet
XVII Stjerna Osiris, The Dog Star ("Sirius") Stjerna Desolation / Air The Star of the Magi Stjerna Stjerna Stjerna
XVIII Månen Månen Månen Comments / Water The Twilight Månen Månen Månen
XIX Sola Sola Sola Enlightenment / Fire The Blazing Light Sola Sola Sola
XX Dom Skaping

(«Den siste dommen»)

Dom Dom The Awakening of the Dead (the Genius of the Dead) Dom Dom The Aeon
XXI Verda Verda

("Time")

Verda Voyage / Earth The Crown of the Magi Verda Universet Universet

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. But note that Revak identifies a single card labeled "1. Etteilla/Male querent" that does not correspond to any in the Tarot de Marseille.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dummett, Michael, Ronald Decker and Thierry Depaulis. A Wicked Pack of Cards, Bloomsbury (1996), p. 38
  2. 2,0 2,1 2,2 Michael Dummett. The Game of Tarot. London: Duckworth, 1980. ISBN 0715631225
  3. Ronald Decker and Michael Dummett, History of the Occult Tarot, London: Duckworth, 2002 ISBN 978-0715631225
  4. Ronald Decker, Thierry Depaulis, and Michael Dummett. A Wicked Pack of Cards. The Origins of the Occult Tarot. New York. St. Martin's Press, 1996
  5. hamiltonparker. «Getting Started with Reading the Tarot Cards for Yourself» (på engelsk). Henta 10. april 2019. 
  6. Pattern Sheet 001 at i-p-c-s.org. Retrieved 11 August 2022.
  7. «Antoine Court de Gébelin | Tarot | Monde primitif». Arkivert frå originalen 9. juni 2019. Henta 9. oktober 2019. 
  8. Waite 2005.
  9. Rider Waite Deck at tarot.com. Retrieved 11 August 2022.
  10. Revak, James W. «The Influence of Etteilla & His School on Mathers & Waite, Appendix B: Comparing the Trumps of Etteilla's Tarot with Those of the Tarot de Marseille». Arkivert frå originalen 24. mars 2014. Henta 9. oktober 2019. 
  11. Decker, Depaulis & Dummett 1996.
  12. Wirth, Oswald (1990). The Tarot of the Magicians. York Beach, ME: Samuel Weiser, Inc. s. 155. ISBN 0877286566. 
  13. Decker & Dummett 2002.
  14. Ziegler, Gert (1988). Tarot: Mirror of the Soul. York Beach, ME: Samuel Weiser, Inc. s. 13–59. ISBN 0877286833.