Vesle arkana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
King of Swords-kortet frå Rider-Waite-kortstokken.

Vesle arkana (Minor Arcana) er fargekorta i ein tarot-kortstokk som blir nytta til å spå med.

Tarotkort dukka opp i Nord-Italia på 1440-talet og var utforma til å spela tarotkortspel med.[1] Dei har typisk fire fargar med ti uillustrerte talkort , i tillegg til 4 bildekort. Tarot-spel er framleis utbreidde i Sentral- og Sør-Europa, og fransk tarot er det andre mest populære kortspelet i Frankrike etter belote.

Tarotkort ein kunne nytta til å spå med blei utbreidde i Frankrike på slutten av 1800-talet, nytta av okkultistar som Etteilla. Omgrepa «Major» og «Minor Arcana» stammar frå Jean-Baptiste Pitois (1811–1877), som skreiv under namnet Paul Christian.[2]

I moderne versjonar av korta er den vesle arkanaen ofte illustrert, ein skikk som blei popularisert med Rider-Waite-korta i 1910. Korta i den vesle arkanaen blir brukte i tarotlesing saman med den store arkanaen til å føreslå detaljar og tillegg.[3]

Kartomantiske tarotkort som er avledde frå kort i latinsk stil har typisk ein liten arkana med 56 kort, der kvar farge har 14 kort: Stavar (alternativt stenger, klubber o.l.), koppar (kalkar, fat eller skåler), sverd (eller klinger) og pentaklar (myntar, diskar eller ringar). Dei fire bildekorta er vanlegvis pasje, riddar, dronning og konge. Nokre variasjonar har prinsesse- og prinsekort i staden for pasje- og riddarkort; den historiske Visconti-Sforza-kortstokken utvida han med to tilleggskort: jomfruen og den ridande dama. Medan den historiske Marseilles-tarotkortstokken omfattar 56 kort, har seinare stokkar basert på franske stokkar kløver (♣), hjarte (♥), spar (♠) og ruter (♦) med berre tre biletkort per farge, ein knekt, ei dronning og ein konge.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

I spådoms-, esoterisk- og okkult tarot meiner ein at den vesle arkanaen representerer relativt verdslege karaktertrekk i livet. Biletkorta representerar folk ein møter.

Kvar farge har òg karakteristiske karaktertrekk og konnotasjonar som vanlegvis blir sett på som følgjer:[4]

Latinsk stokk Fransk stokk Element Klasse Fakultet
Stenger, stavar, klubber Klubbar Eld Handverk Kreativitet og vilje
Pentakkel, myntar, diskar, ringar Diamant Jord Handel Materielle lekamar eller eigedomar
Kopp, kalkar, skåler, fat Hjarte Vatn Geistleg Kjensler og kjærleik
Sverd, klinger Spar Luft Adel og militær Fornuft

Tilknytingar til planetar[endre | endre wikiteksten]

I Hermetic Order of the Golden Dawn er tala knytte til planetar, som svarar til plasseringa deira i Kabbala.[5]

  • Tre - Saturn
  • Fjerde - Jupiter
  • Fem - Mars
  • Seks - Sola
  • Sju - Venus
  • Åtte - Merkur
  • Ni - Månen
  • Ti - Jorda


Galleri[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjonar frå Rider–Waite-kortstokken, som er den mest utbreidde blant engelsktalarar.

Stavar[endre | endre wikiteksten]

Koppar[endre | endre wikiteksten]

Sverd[endre | endre wikiteksten]

Pentakkel[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Husband, Tim. «Before Fortune-Telling: The History and Structure of Tarot Cards». The Met Museum. Henta 18 September 2022. 
  2. Ronald Decker, Thierry Depaulis, and Michael Dummett. A Wicked Pack of Cards. The Origins of the Occult Tarot. New York. St. Martin's Press, 1996
  3. «The Minor Arcana Tarot Cards». Tarot.com. Arkivert frå originalen 11 December 2014. Henta 11 December 2014. 
  4. Dee, Jonathan (2002). «Introduction to the Minor Arcana». I Liz Dean. Tarot, An illustrated guide. Silverdale Books. ISBN 1-85605-685-6. 
  5. McCann, David. Houlding, Deborah, red. «Mercury in Myth & Occult Philosophy». The Traditional Astrologer (Nottingham, UK: Ascella). Arkivert frå originalen 27. september 2019. Henta 27. september 2019.