Stormakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stormakt er innanfor internasjonal politikk eit omgrep nytta om eit land, som innanfor forskjellige område har høve til å ha påverknad på eller kontroll over mindre land.

Statar som har høve for å ein slik påverknad på mindre startar vert kalla ei «makt». Land kan delast inn i mellommakt, regionalmakt, stormakt, supermakt eller hypermakt.

Omgrepet stormakt vert som regel nytta om nasjonar eller statar som på grunn av deira økonomiske og militære styrke må reknast med når dei mindre statane skal ta viktige avgjersler. Karakteristisk for ei stormakt er at dei er i stand til å blande seg inn i det meste av verda om det er naudsynt. Stormakter har òg «mjuk makt» (kultur og ideologi) som kan påverke avgjerslene til mindre makter.

Gjennom historia har det vore mange forskjellige stormakter, men etter 1815 og |Napoleon sitt endelege nederlag, vart Frankrike, Storbritannia, Russland, Austerrike og Preussen rekna som dei fem europeiske stormaktene. Etter den andre verdskrigen fekk USA, Sovjetunionen, Frankrike, Kina og Storbritannia vetorett i SN sitt tryggingsråd og vart då formelt dei fem stormaktene i verda.

Krig har historisk hatt stor innverknad på kva land som har vorte rekna som stormakter. Avsluttingane av Napoleonskrigane, første og andre verdskrigen har såleis endra oppfatninga av kva land som vert rekna som stormakter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]