Strøymingsstraum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Strøymingsstraum, elektrisk straum som oppstår når ei ikkje-leiande væske strøymer gjennom eit ikkje-leiande tynt røyr. Grenseflatene mellom dei to dielektrika blir polarisert, og det blir overført ladning frå det eine stoffet til det andre. Væska blir elektrisk ladd, og saman med væskestraumen oppstår det då ein elektrisk straum, strøymingsstraum, som er eit såkalla elektrokinetisk fenomen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

strømningsstrøm. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/str%C3%B8mningsstr%C3%B8m