Strandbuen
Utsjånad
| Strandbuen | |||
| Land | Noreg | ||
|---|---|---|---|
| Type | Lokalavis | ||
| Org.nummer | 927680343 | ||
| Grunnlagd | 1964 | ||
| Eigarar | A-pressen | ||
| Språk | Bokmål | ||
| Hovudkvarter | Strand kommune | ||
| Nettstad | https://strandbuen.no (bokmål) | ||
Strandbuen er ei lokalavis som blir utgjeven i kommunane Hjelmeland, Strand og Forsand i Ytre Ryfylke. Hovudkontoret ligg på Jørpeland, medan eit lokalkontor ligg i Sande Næringsbygg i Hjelmeland kommune. Avisa kjem ut to dagar i veka, onsdag og fredag.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Strandbuen vart starta opp i 1964 av Jørpeland handelsforening. Jæren Avis AS overtok alle aksjane i avisa i 2001. I 2009 åtte Strandbuen 46,5 % av aksjane i den konkurrerande avisa Bygdaposten for Hjelmeland. I løpet av sommaren og hausten 2009 kjøpte Strandbuen dei siste 53,5 % av aksjane i Bygdaposten, og dei to avisene gjekk saman frå nyttår 2010.
Opplagstal
[endre | endre wikiteksten]Utvikling i nettoopplag.[1]
| År | Nettoopplag |
|---|---|
| 2000 | 3 771 |
| 2001 | 3 802 |
| 2002 | 3 889 |
| 2003 | 3 919 |
| 2004 | 4 068 |
| 2005 | 4 242 |
| 2006 | 4 217 |
| 2007 | 4 354 |
| 2008 | 4 458 |
| 2009 | 4 410 |
| 2010 | 5 248 |
| 2014 | 5 069 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.