Straumøyna

Koordinatar: 60°35′03″N 04°51′33″E / 60.58417°N 4.85917°E / 60.58417; 4.85917
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°35′03″N 04°51′33″E / 60.58417°N 4.85917°E / 60.58417; 4.85917

Straumøyna
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Øygarden kommune
Høgaste punkt 39 moh.
Kart
Straumøyna
60°35′03″N 4°51′33″E / 60.584166666667°N 4.8591666666667°E / 60.584166666667; 4.8591666666667

Straumøyna er ei øy nord for Ona og sør for Alvøyna, nord i Øygarden kommune i Vestland. Hovudvegen nord-sør i Øygarden går over øya, frå Ona i sør til Alvøyna i nord. Brua til Ona i sør vart ferdig i 1971, og nokre år seinare kom brua nord til Alvøyna.

Ved folketeljinga i 1900 budde det 16 personar på øya.

Tidleg på 2000-talet hadde grunneigar planar om å byggja eit hyttefelt på øya, men Øygarden kommune og fylkesmannen avslo prosjektet, og det vart ikkje gjennomført.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • "Gjev opp hytter på Straumøy", Vestnytt, 26.10.2004