Strumitsa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For elva med same namn, sjå elva Strumitsa.
Strumitsa
Струмица
Gotse Deltsjev-torget i sentrum av Strumnitsa
Gotse Deltsjev-torget i sentrum av Strumnitsa
Byvåpenet til Strumitsa
Byvåpenet til Strumitsa
Styresmakter
Land
Statistisk region
Nord-Makedonia
Søraust
Grunnlagd 1920
Geografi
Flatevidd
 - By

321,49 km²
Innbyggjarar
 - By (2002)
   - folketettleik

54 676
  170,1/km²
Koordinatar 41°26′20″N 22°38′20″EKoordinatar: 41°26′20″N 22°38′20″E
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 2400
Telefon-retningsnummer +389 34
Bilnummer SR
Heimeside: strumica.gov.mk
Plassering
Plasseringa til Strumitsa i Nord-Makedonia
Plasseringa til Strumitsa i Nord-Makedonia

Strumitsa (makedonsk Струмица) er ein by og ein kommune i regionen Søraust i Nord-Makedonia, nær grensa til Bulgaria. Den noverande kommunen vart oppretta i 2004 ved at ein slo saman dei tre tidlegare kommunane Strumitsa, Kuklisj og Murtino samt landsbyen Gabrovo frå Novo Selo. Samstundes vart landsbyen Monospitovo overført til Bosilovo.

Kommunen har eit areal på 321,49 km2 og hadde 54 676 innbyggjarar ved folketeljinga i 2002, den tidlegare kommunen Strumitsa hadde 45 087, medan sjølve byen hadde 35 311 innbyggjarar.[1][2] Om lag 90 % av innbyggjarane er makedonarar.

Byen er kalla opp etter elva Strumitsa som renn gjennom han.

Busetnader i kommunen[endre | endre wikiteksten]

Dei største busetnadene i kommunen er:[1]

Busetnad Folketal 2002
Strumitsa 35 311
Kuklisj 2 532
Murtino 2 209
Bansko 1 992
Dabilje 1 946
Dobrejtsi 1 764
Veljusa 1 552
Prosenikovo 1 550
Kosturino 1 280
Banitsa 1 137

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.