Stylolitt

Makrostylolittar i ein kalkstein.
Stylolittar er uregelmessige, ofte takka, mørkfargea «saumer» i kalkstein og sjeldnare i sandstein og kvartsitt. Stylolittar blir danna ved selektiv trykkoppløysing av karbonatkorn og påfølgjande oppriking av uløyselege mineral. Desse minerala dannar ei tynn hinne som markerer kvar oppløysinga er skjedd.
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Stylolitter. (2011, 20. oktober). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/stylolitter.