Styrbord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Styrbord er høgre side av ein båt eller eit fartøy når ein står akterut og ser frametter. Dette i motsetning til babord som er venstre side.

Omgrepet kjem frå norrønt språk. Mannskapet styrte [stýri] med styreåre (ror) som alltid var feste på høgre bord [borð]. Rormannen, som heldt styreåra med begge hender, stod med ryggen [bak] mot venstre sida, babord.

Båten som seglar for styrbord baug held baugen til styrbord for vinden og segla står styrbord. Dette vert òg kalla styrbord skøyter.

Navigasjonslyset på styrbord side er grønt.