Hopp til innhald

Sucre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sucre
by
Land  Bolivia
Høgd 2 800 moh.
Areal 1 768 km²
Folketal 360 544 (2021)
Grunnlagd 1538
Tidssone UTC -4 (UTC4)
Kart
Sucre
19°02′51″S 65°15′36″W / 19.0475°S 65.26°W / -19.0475; -65.26
Kart som viser Sucre.
Kart som viser Sucre.
Kart som viser Sucre.
Wikimedia Commons: Sucre, Bolivia
Nettstad: www.sucre.gob.bo

Sucre er den offisielle og historiske hovudstaden i Bolivia og sete for høgsterett, men ikkje den lovgjevande makta i landet. Byen har om lag 204 000 innbyggjarar (2003) og ligg 2 800 moh.

Sucre blei grunnlagd 30. november 1538 som Ciudad de la Plata de la Nueva Toledo av Pedro de Anzures. Byen blei kjend som La Plata, men blei omdøypt i 1839 til ære for revolusjonsleiaren Antonio José de Sucre. Historisk har han òg vore kjend som Charcas og Chuquisaca, noko som har gjeve han tilnamnet "la Ciudad de Cuatro Nombres", 'firenamnsbyen'. På grunn av dei mange kvitkalka husa i sentrum er han òg omtala som "la ciudad blanca", 'den kvite byen'.

Etter den økonomiske nedgangen i Potosí blei Sucre for avsidesliggjande til å vera hovudstad i Bolivia. I 1898 flytta styresmaktene til La Paz, som blei reell hovudstad i landet.

Arkitekturen i Sucre er prega av den spanske kolonitida. Dei smale vegane i eit nettverk i bykjernen og dei mange praktfulle husa, kyrkjene og klostera i byen ber minne om den andalusiske kulturen som forma han. Sucre er framleis hovudbyen for den katolske kyrkja i Bolivia, og medlemmer av religiøse ordenar i tradisjonelle drakter er vanlege å sjå i gata.

Sucre blei peikt ut som ein del av verdsarven av UNESCO i 1991.

Utsyn over Sucre.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Sucre