Suggestopedi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Suggestopedi er ein pedagogisk metode utarbeidd primært for språkopplæring. Metoden, som har vorte kritisert for å vere pseudovitskap, er utvikla av hjerneforskaren og psykiataren Georgi Lozanov (1926-2012), som opphavleg kom frå Bulgaria.

Ordet suggestopedi kjem av det engelske ordet suggest i tydinga «å tilby» eller «å foreslå».

Kreativitet i en heilskapleg samanheng er sentralt. Elevane nyttar musikk, fantasi, humor, rollespell, songer, spel, dialogar og plakatar med grammatiske element.

Metoden har blitt evaluert av 20 professorar frå heile verda, og UNESCO utarbeidde ein rapport om metoden i 1982. Dei tilrådde at det vart oppretta opplæring i metoden, og at lærerar fekk opplæring i denne. Då kommunistane vart klar over denne suksessen, vart arbeidet til Dr. Lozanov stoppa. Dei tok frå han passet da han skulle reisa utenlands, og han fekk husarrest i 10 år. I denne tida vart det vanskeleg for vesten å få ut informasjon om metoden. Det kom mange myter og mange imitatorar som dukka opp, og metoden vart kobla til «superlæring» og «akselerert læring», retningar som dukka opp i USA.

Dr. Lozanov har oppretta Lozanovs International Trainer’s Association (LITA), som skal spreia arbeidet hans. Han har utdannet ca. 30 trainarar i metoden i ulike land i verda. Desse skal mellom anna arbeide for spreiing av metoden. I Noreg eksisterer Norsk suggestopediforening for utdanna suggestopedilærarar med rundt 50 medlemmer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]