Pseudovitskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pseudovitskap (pseudo- kjem frå gresk og tyder falsk eller noko som liknar) er nemninga på slik forsking eller slike teoriar og forklaringar som gjev seg ut for å vere vitskap, men som ikkje stettar dei vanlege vitskapleg krava til at hypotesar og teoriar skulle kunne sannkjennast på ein akseptabel måte, som til dømes at testingar av eksperimentelle teoriar og hypotesar skulle kunne gjerast om att med same resultatet til andre tider og på andre stader. Andre nemningar for pseudovitskap er kvasivitskap og antivitskap.

Dei som er tilhengarar av teoriar og sanningsprov som i vitskapleg samanheng vert rekna som pseudovitskap, nyttar ofte nemningar som metavitskap eller paravitskap om det som dei gjer gjeldande som reell vitskap. Til dømes nyttast nemningar som metafysikk, parapsykologi og paramedisin om læresetningar og fenomen som hevdast å ha med vitskaplege disiplinar å gjere.

Grensene mellom vitskap og pseudovitskap kan til tider sjå meir eller mindre tilfeldige ut, då dei fleste vitskaplege teoriar er ufullstendige. I vitskapsteorien/vitskapsfilosofien er det lagt ned mykje arbeid i å freiste definere kva som er vitskap i motsetnad til ikkje-vitskap, kva som er vitskap i motsetnad til pseudovitskap, kva som er vitskap i motsetnad til religion eller overtru osb. Det finst fleire døme på at det som i tidlegare tider vart teke for seriøs vitskap, vert rekna som pseudovitskap i våre dagar. På den andre sida finst det òg døme på at hypotesar og teoriar som tidlegare vart sett på som lite truverdige og stempla som pseudovitskap, har synt seg å vere rette etter at nye metodar for proving og kontroll har vorte tekne i bruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]