Sukhumi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sukhumi
სოხუმი
Аҟəа
Сухуми
I bakgrunnen kan ein sjå regjeringsbygget i Abkhasia som vart øydelagd under konflikten med Georgia i 1993. Bygningen er framleis ein ruin.

Byvåpenet til Sukhumi
Styresmakter
Land
Autonom republikk
Georgia
Abkhasia
Geografi
Flatevidd 27 km²
Innbyggjarar
 - By (2020)
   - folketettleik

65 530
  2796/km²
Koordinatar 43°00′12″N 41°00′55″EKoordinatar: 43°00′12″N 41°00′55″E
Høgd over havet 20 m
Tidssone MSD (UTC+4)
Diverse anna
Heimeside: https://www.sukhumcity.ru/

Sukhumi (abkhasisk Аҟəа, Aqwa, georgisk სოხუმი, Sokhumi, russisk Сухуми, Sukhumi) er hovudstaden i Abkhasia, ein de facto sjølvstendig republikk, som internasjonalt vert rekna som ein autonom republikk i Georgia. Byen har ei lang historie, og vart hardt råka under den georgisk-abkhasiske konflikten tidleg i 1990-åra.

Satellittbilete av Sukhumi.

Sukhumi ligg i ei vid bukt på austkysten av Svartehavet og er ein hamneby, eit knutepunkt for jernbane og ein ferieby. Han er kjend for strendene, sanatoria, mineralkjeldene og det subtropiske klimaet. Sukhumi har fleire små til mellomstore hotell, som hovudsakleg tar imot russiske turistar. Byen inneheld òg botaniske hagar oppretta i 1840.

I sovjettida vart det avla apekattar her. Frå 1945 til 1954 var elektronfysikk laboratoriet i byen involvert i Sovjetunionen si utvikling av atomvåpen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sukhumi