Hopp til innhald

Sula Sgeir

Sula Sgeir
Geografi
Sula Sgeir is located in
StadAtlanterhavet
Koordinatar59°05′N 6°09′W / 59.09°N 6.15°W / 59.09; -6.15
ØygruppeYtre Hebridane
Areal0,15 km²
Administrasjon
LandSkottland
RegionYtre Hebridane
Demografi
Folketal0

Sula Sgeir (skotsk-gælisk frå norrønt súlasker, som tyder 'suleskjeret') er ei lita øy i Ytre Hebridane i Skottland, 18 km vest for North Rona. Ho er ei av dei mest fjerntliggjande av Dei britiske øyane og ligg meir enn 60 km nord for Lewis. Ho er mest kjend for havsulene som held til her, og som ho er kalla opp etter.

Sula Sgeir frå sørvest.

Sjølv om det ikkje ser ut til å vera råd å bu på øya, finst det ruinar av ei lita steinhytte, kalla Taigh Beannaichte ('Det velsigna huset'), på austsida. Havet har grave seg rett gjennom sørsida av øya og danna fleire samanhengande grotter, som ein kan utforska i roleg sjø. Det vesle fyret på sørsida av øya vert ofte øydelagt av kraftige bylgjer som bryt over øya.

Det finst om lag 5000 hekkande havsulepar på Sula Sgeir, i tillegg til andre fuglar som krykkje, teist, lundefugl, havhest og ein meiner òg at her finst albatross.[1]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sula Sgeir