Sulak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sulak
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 15 200 km²
Lengd 144 km
Middelvassføring 176 /s
Kjelde Kaukasus
Munning Kaspihavet
Kart
Sulak
43°15′16″ N 47°32′56″ E
Wikimedia Commons: Sulak River

Sulak (russisk Сула́к) er ei elv i Dagestan i Russland som munnar ut i Kaspihavet. Elva er 144 km lang og har eit nedslagsfelt på 15 200 km². Elva har ei middelvassføring på 176 m³/s.

Elva startar der elvane Avar Kojsu og Andi Kojsu renn saman på nordsida av austlege Kaukasus. Ho renn nordover gjennom den 700-1500 meter djupe Sulak-kløfta og kjem ut av fjella til ein brei dal. Etter å ha passert byen Kiziljurt svingar elva gradvis mot aust og dannar eit stort delta ved utløpet i Kaspihavet.

Sulak vart nytta som vassforsyning for byane Makhatsjkala og Kaspijsk. Langs Sulak er det bygd ei rekkje vasskraftverk (Miatl, Tsjiryjurt, Tsjirkej og Bavtugaj) med ein samla potensiell produksjon på 1345,6 MW.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]