Sunnhordland folkehøgskule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sunnhordland Folkehøgskule)
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°47′53.2″N 5°39′57.9″E

Sunnhordland folkehøgskule
Sunnhordland folkehøgskole.gif
Hovudbygget på Sunnhordland folkehøgskule
MottoGjør dine drømmer til noe å leve av!
SkuletypeFolkehøgskule
Grunnlagt1868
FylkeHordaland
KommuneKvinnherad
TettstadHalsnøy
EigarSunnhordland Høgskulelag

Sunnhordland folkehøgskule er ein frilyndt folkehøgskule som ligg på Halsnøy i Sunnhordland i Hordaland fylke. Skulen har ein estetisk profil og er eigd av Sunnhordland Høgskulelag. Skulen tar årleg imot mellom 80 og 90 elevar, fordelt på sju linjer. Sunnhordland er tilknytt Informasjonskontoret for folkehøgskolen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skulen blei grunnlagt i 1868 som den første folkehøgskulen på Vestlandet. Det gamle skulehuset (Haugastova) ligg enno på høgre side når ein går opp vegen til skulen. I første omgang var det skuledrift her berre nokre få år, men sidan 1914 har skulen så å si vore i kontinuerleg drift. Skulen er inspirert av folkehøgskoletenkinga til Nikolai Frederik Severin Grundtvig.

Fasilitetar[endre | endre wikiteksten]

Sunnhordland folkehøgskule: Tunstova
Tunheimen på Sunnhordland folkehøgskule

Sunnhordland folkehøgskule ligg like ved sjøen og elevane bur på internat rundt om på skuleområdet. Det er i alt 8 internat. Elavene bor på enkelt- eller dobbeltrom og deler kjøkken, stue og bad.

Skulen har eit hovudbygg med kontor, matsal, black box, klasserom for Teater & film og klasserom for Spilldesign og gymsal. Vidare har skulen ein gamal løe som er totalrenovert. Her er det amfi, klasse- og øvingsrom for Musikk, og eit lydstudio. Klasserom for Game art & design og Musikkproduksjon er i første etasje til eitt av internata (Tunheimen). I dette er det òg kunststudio, treningsrom og mediarom.

Uteområde med m.a. fotballbane. Kanoar ved sjøen.

Linjefag[endre | endre wikiteksten]

Sunnhordland folkehøgskule har sju linjer der kunst og scenefag står sentralt. Dei sju linjene som no er på Sunnhordland er:

  • Kunst +. Opplegget på linja for Kunst + består av tradisjonelle så vel som samtidige kunstmedia. Street art står sentralt.
  • Musikk. Linja lærer elevane å arbeida med hovudinstrument, samspel, band, musikkteori og komposisjon.
  • Musikkproduksjon. Linja lærer elevane å laga musikk for data, livelyd og produksjon av lydopptak i studio.
  • Teater og film. Linja lèt elevane jobba med skodespelarteknikk, improvisasjon, karakter- og tekstarbeid, teateroppsetjingar og produksjon av film.
  • Spilldesign. Linja lærer elevane å laga dataspel. Dei jobbar med emne som nivådesign, karakterdesign og konseptutvikling.
  • Game art & design. Linja lærer elevane mellom anna digital kunst, game art og 2D animasjon. Tett samarbeid med linja Spilldesign og Kunst +.
  • Yoga. Linja har dagleg yogapraksis, avspenning og meditiasjon.

I tillegg til linjene tilbyr skulen også valfag og fordjupingskurs. Linjeturar til London, Stockholm og/eller Berlin. Fellestur til Japan.

Sunnhordland folkehøgskule har to større sceniske produksjonar i året. På desse deltar alle elevane som musikarar, kunstnarar, scenografar, dansarar, skodespelarar, speldesignarar etc. Skulen har felles skulekor. Elevar bidrar med teater og danseoppsetjingar i regi av dei lokale skulene på Halsnøy, og spelar på konserter til lag og organisasjonar. Skulen inviterer til opne framsyningar på skulen.

Stab[endre | endre wikiteksten]

Sunnhordland folkehøgskule har ca. 15 årsverk, fordelt på

  • linjelærarar
  • inspektør
  • rektor
  • administrasjonsleiar
  • økonomileiar
  • husmor
  • kjøkenpersonale

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]