Sunnlandsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sunnlandsfjorden er ein fjord på nordsida av Austvågøy i Vågan kommune. Fjorden strekkjer seg 7 km sørover til Leirhellfloget i botn av Indrefjorden.

Fjorden har innløp mellom Risøya i nordaust og Festvågneset i sørvest. Nord for fjorden ligg ei rekkje holmar og skjer. Litt inn i fjorden ligg Kalvøya på austsida av fjorden. Her ligg det smale innløpet til Vatnfjorden. Sunnlandsfjorden er om lag 2 km brei, men på vestsida heilt sør i fjorden går Indrefjorden vidare sørover. Bortsett frå den veglause garden Nedreneset på vestsida er det ingen busetnader ved fjorden.