Sunnmørsjekta «Anna Olava»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sunnmørsjekta «Anna Olava» i heimehamn på Herøy gard.
Jomfru i masteriggen.

«Anna Olava» er ein rekonstruksjon av ei sunnmørsjekt. Dette er ei jektetype ein fann langs kysten frå 1200-1800-talet og som vart nytta til frakt av varer. Rekonstruksjonar av Sunnmørsjekta fans ikkje før «Anna Olava» vart bygd.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruksjonen av den 47 fot lange jekta er gjort på bakgrunn av funn gjort i løeveggar og eit naust på Håkonsholmen i Ulstein. Saxe Bjørkedal gjorde arbeidet med å teikne molane og ut frå dette rekonstruerte båten. Professor em. Arne Emil Christensen jr. ved Kulturhistorisk Museum i Oslo var også med på rekonstrueringa, bl.a. av rigg og seglføring.

Sunnmørsjekta var ein av fleire jektetypar som trafikkerte kysten frå mellomalderen og fram mot år 1900. Lasten var gjerne sild, tørrfisk, tran, rogn, skinn, gråverk og andre varer som vart frakta inn til byane, særleg Bergen. Dei bytta med korn, vasskringler, kavring, salt, vin, brennevin, humle, hamp, tekstilar og andre krambovarer som ein trengte på sunnmørsbygdene. Men av og til gjekk turane enno lengre. Frå dei baltiske landa i aust til Storbritannia, Vesterhavsøyane og Island i vest, har jektene teke med varer og impulsar til vekst og velstand på Sunnmøre.

Jekta har fått namnet sitt etter Anna Olava Berg som i 14 år var husfrue på Herøy gard. Ho var gift med Sivert Olsen, den første store handelsdrivande på Herøya. Dei budde på handelsstaden på andre halvdel av 1700-talet.

Allereie før sjøsettinga av «Anna Olava», vart ein illustrasjon av Sunnmørsjekta teikna av Hans Strøm, brukt som logo i markeringa av ”Det Maritime Året 2000”. Dette var et samarbeidsprosjekt mellom Maritime Nordvest og kommunane Giske, Haram, Hareid, Herøy, Sande, Sandøy, Sula, Ulstein, Vanylven og Ålesund.

Jekta er eigd av Herøy kommune. Eigarstyret ved Herøy kystmuseum har det overordna ansvaret, og ei frivillig veneforeining har det daglege ansvaret for vedlikehald og drift av jekta.

Tekniske data[endre | endre wikiteksten]

  • Type: Jekt
  • Byggeår: 2000
  • Båtbyggjar: Jakob S. Bjørkedal, Sigurd Bjørkedal og Søner Båtbyggeri
  • Byggestad: Bjørkedalen
  • Oppmålingar/rekonstruksjon: Saxe Bjørkedal
  • Konstruktør: Professor dr. philos. Arne Emil Christensen jr.
  • Største lengde: 14,80 m
  • Største breidde: 5,25 m
  • Djuptgåande: 1,30 m
  • Mastehøgd o. vatn: 12,50 m
  • Seglareal: 72 m2
  • Motor: Volvo Penta 36 kW/49 HK

Eigarforhold[endre | endre wikiteksten]

  • 2001-2003: Stiftinga Sunnmørsjekta
  • 2003-: Herøy kommune

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]