Sunzja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sunzja
elv
Грозный река Сунжа.JPG
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 12 200 km²
Lengd 278 km
Middelvassføring 95,7 /s
Kjelde Tebulosmta i Kaukasus
Munning Terek
Wikimedia Commons: Sunzha

Sunzja (russisk Су́нжа; ossetisk: Сунжæ – Sunžæ, tsjetsjensk: Соьлжа – Sölƶa) er ei elv i Nord-Ossetia, Ingusjetia og Tsjetsjenia i Russland og ei av sideelvane til Terek frå venstre. Elva er 278 km lang og har eit nedslagsfelt på 12 200 km².

Elva har utspring på nordsida av Kaukasus. Dei viktigaste elvane hennar er Assa og Argun.

Elva vert nytta til irrigasjon. Langs Sunzja ligg byane Nazran, Karabulak, Groznyj (hovudstaden i Tsjetsjenia) og Gudermes. Under dei tsjetsjenske krigane medførte øydelegging av petroleumsreservoar til at Sunzja var forureina av olje.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. John Daniszewski (11. mars 2001). «Chechens Find a Way to Live Off the Land--Through Oil» (engelsk). Los Angeles Times. Henta 24. oktober 2008.