Suppiluliuma I

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Suppiluliuma» omdirigerer hit. For den andre kongen med same namnet, sjå Suppiluliuma II.
Suppiluliuma I

Føddca. 1375 f.Kr.
Dødca. 1335 f.Kr.
DødsstadHattusa
MorDaduhepa
FarTudhaliya II
EktefelleMalnigal, Henti
BarnArnuwanda II, Telepinu, Piyassili, Zannanza, Mursili II, Muwatti
Leirtavla over gjerningane til Suppiluliuma I skriven av sonen Mursili II

Suppiluliuma I var konge av Hettittriket kring 1350–1322 f.Kr. Son og etterfylgjar Mursili II er ei viktig kjelde til kunnskap om Suppiluliuma I.

Suppiluliuma I døydde av pest som mogelegvis kom med egyptiske krigsfangar etter krigen Suppiluliuma byrja som hemn for drapet på son sin Zannanza. Suppiluliuma fekk bod frå dronninga av Egypt om at ho ynskte å gifta seg med ein av sønene hans, og Suppiluliuma valde Zannanza. Zannanza vart drepen på veg til Egypt og Suppiluliuma var overtydd om at egyptarane stod bak. Det er ikkje kjent kven som stod bak drapet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «hettitter» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 7. april 2023.
  • Eric H. Cline (2021). 1177 B.C.: The Year Civilization Collapsed. Princeton University Press. s. 62-66. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Suppiluliuma I
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.