Hettittane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Hettittriket då det var på høgda av makta si kring 1290 f.Kr.
Inngraving av Suppiluliuma II, den siste kjente kongen over hettittane

Hettittane (òg kalla hittittane) var eit oldtidsfolk som snakka hettittisk, eit språk frå den anatoliske gruppa av dei indoeuropeiske språka. Dei grunnla eit kongedøme sentrert om Hattusa, nord i det sentrale Anatolia, på 1700-talet f.Kr. På 1300-talet f.Kr. var hettittarriket på sitt største. Det omfatta då heile det sentrale området i Anatolia, området nordvest i Syria, og så langt som Ugarit og øvre Mesopotamia. Etter 1180 f.Kr. delte riket seg opp i fleire mindre hettittiske bystatar, der nokre av dei eksisterte så lenge som til 700-talet f.Kr.

Hettittarriket vart av hettittane sjølv vanlegvis kalla for «Hattis land». Det fulle namnet var «Landet til byen Hattusa». Denne skildringa kunne gjelde heile riket, eller meir avgrensa til berre kjerneområdet, avhengig av samanhengen. Ordet «Hatti» er eigenleg eit akkadisk omgrep heller enn hettittisk; det har aldri falle i samsvar med hettittiske grammatikkreglar. Til trass for nytta av namnet «Hatti» oppfatta ikkje hettittane seg som hattianarar, som hadde vore busett i området fram til byrjinga år 2000 f.Kr. og snakka hattisk, som ikkje var indoeuropéisk. Hettittane kalla språket sitt Nesili (og i eit tilfelle Kanesili), ei adverbial form som tydde «i veremåte som (Ka)nesa», truleg atterspegla det ein stor del hettittisktalande folk i den gamle byen Kanesh (dagens tyrkiske by Kültepe). Mange moderne bynavn i Tyrkia vart først nedteikna under sitt hettittiske namn, slik som Sinop og Adana, noko som gjenspeglar nærleiken til Anatolia i tid og rom til oldtidsfortida si.

Sjølv om hettittane tilhøyrde bronsealderen, var dei forløparar til jernalderen og utvikla reiskapar og våpen av jarn så tidleg som 1300-talet f.Kr. Etterspurnaden deira etter jernvarer er teke vare på i korrespondanse med utanlandske herskarar. Hettittane var likevel ikkje dei første som framstilte gjenstandar av jarn, og i heile hettittarriket si historie var jarn så sjeldan at det berre vart nytta i smykke. Dei militære sigrane deira skuldast ikkje jarn – dei førte krig med våpen av bronse – men dugleiken deira til å framstille og bruke hestetrekte stridsvogner.[1] Som handelsfolk tok dei med seg arva frå Sumer og spreidde mesopotamisk tenkesett rundt Middelhavet. Så då Moses førte folket sitt til «det lova landet», møtte dei eit folk, kanaanittane, som levde i ein mesopotamisk kultur.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Hettittarriket var sentrert rundt landområda Hattusa og Neša, kjent som «Hattis land». Etter at Hattusa vart gjort til hovudstad bestod området av kurva ved elva Kızılırmak (på gresk Halys, og som dei kalla Marassantiya) som renn ut i Svartehavet, og som var kjerneområdet i riket deira. Ein del hettittiske lovar skilde mellom «denne sida av elva» og «den andre sida av elva». Til dømes var løna for å fange inn ein rømd slave etter at han har makta å flykte over elva, høgare enn for ein slave som vart fanga før han nådde elva.

Til vest og sør for kjerneområdet låg områda som var kjent som Luviya i dei tidlegaste hettittiske tekstene. Denne terminologien vart erstatta av namna Arzawa og Kizzuwatna då desse kongedøma voks fram.[3] Hettittane fortsette å referere til språket som hadde opphavet sitt i desse områda som luvisk. Før Kizzuwatna voks fram, var hjartet i dette området Kilikia, som først blir omtalt av hettittane som Adaniya[4] Då desse gjorde opprør mot hettittane under styret til Ammuna,[5] trur ein at namnet Kizzuwatna spreidde seg vidare nordover til å omfatte dei nedre Antitaurus-fjella òg. På nordsida levde eit fjellfolk kalla kaskaar. Søraust for hettittane låg det hurrianske riket Mitanni. Under høgdepunktet til dette riket under regimet til Mursili II, strekte Hettittarriket seg frå Arzawa i vest til Mitanni i aust, mykje av dei kaskianske områda i nord, òg Hayasa-Azzi lengst i nordaust, og i sør inn i Kanaan, omtrent så langt som til den sørlege grensa av Libanon, og la delar av desse områda inn under herredømet sitt.

Opphav og genetikk[endre | endre wikiteksten]

Farao Ramses II av Egypt omtalte ofte hettittane som «humty», som på oldtidsegyptisk tydde «kvinnesoldatar», sidan det var vanleg for hettittiske soldatar å ha langt hår.[6]

Forskarar har rekna hettittane som ein «middelhavsetnisk gruppe», noko som er eit romsleg gruppeomgrep.[7] Arkeologen Henry Heras sine analysar av egyptiske biletportrett av hettittar er samanfallande med dette, sidan dei synest å ha dei fysiske karakteristikkane som er typiske for folkeslag ved Middelhavet (det ligg endå ein stor utryggleik i å trekkje konklusjonar frå biletkunst, då visuelle konvensjonar ofte spelar ei stor rolle).[8] Nokre forskarar har foreslått eit opphav frå nordaustlege delen av Afrika, då slike fysiske trekk er trudd å ha opphavet sitt i dette området.[9] Likevel framviste grekarane i antikken liknande fysiske trekk, noko som gav grunn til å mistenkje at både grekarane i antikken og hettittane nedstammar frå same forhistoriske folkesetnad i Midtausten og rundt Egearhavet.[10] Fysiske, antropologiske analysar av folkesetnader gjev likevel eit utilstrekkeleg grunnlag for å dele inn folk i avgjorde raser eller bevise folkevandringar. Opphavet til folkesetnadene i antikken skuldast mange ulike og kompliserande faktorar.[11]

Opphavet til hettittane er difor framleis eit mysterium. Det har vore hevda at hettittisk kultur og språk vart utvikla lokalt i Anatolia.[12] Moglege geografiske opphav frå vest (Balkan), aust (via eller langs Kaspihavet eller frå høglandet i Armenia), og nord (langs Svartehavet) er berre nokre av dei foreslegne rutene for folkevandringar.[13] Prosessen har vorte rekna som utført av ein erobrande elite,[14] men òg alternativt som ein fredfylt prosess med gradvis assimilering.[15] I arkeologisk samanheng har hettittane vorte knytt til eit mogleg felles opphav med høvesvis Ezero-kulturen på Balkan og Maikop-kulturen i Kaukasus.[16]

Ein genetisk studie basert på dagens mannlege Y-kromosom DNA i Anatolia, framviser ei genetisk blanding av fleire geografiske opphav som kan samanfalle med fleire folkevandringar over tid. Den dominerande mannlege slektslinja for anatoliske menn blir delt med folkesetnaden i Europa og Midtausten (94,1%). Slektslinjer til Sentral-Asia, India og Afrika var langt mindre framherskande blant mennene det vart teke prøver av. Inga spesifikk avstamming vart fastslått eller identifisert som «hettittisk», men Y-kromosom haplogruppe G-M201 blir trudd å ha ei mogleg tilknyting til hettittane.[17]

Hettittane i Bibelen[endre | endre wikiteksten]

Løveporten i Hattusa, hovudstaden til hettittane, dagens Boğazköy i Tyrkia.

Omgrepet «hettittane» kjem av KJV-omsetjinga av den hebraiske Bibelen, der חתי HTY, eller בנ-חת BNY-HT blir omsett til «Heths born». Desse hettittane blir forbunde med kanaanittane. Arkeologane som oppdaga hettittane i Anatolia, identifiserte dei til å byrje med med dei bibelske hettittane. I dag er identifikasjonen deira med det hettittiske riket, eller dei neo-hittiske kongedøma, eit emne for diskusjon.

Hettittane i Bibelen (òg hittittar) og Born av Het, omsett frå hebraisk חתי HTY og בני-חת BNY-HT er den andre av dei elleve kanaanitiske nasjonane i den hebraiske Bibelen. Dei er visstnok etterkommarar frå ein Het eller Heth (hebraisk חֵת), ein son av Kanaan, son av Kam, og dei er nemnt i Første Mosebok for å ha selt land til Abraham.

Tidleg på 1900-talet vart hettittane i Bibelen identifisert med eit nyleg oppdaga, indoeuropeisk-talande rike i Anatolia, ei stor regional makt gjennom det meste av 1000-talet f.Kr., spesielt mellom 1660 og 1190 f.Kr. Denne terminologien er i dag så innarbeidd at han blir brukt uavhengig av debatten om dette hettittiske riket i Anatolia var identisk med hettittane i Bibelen eller ikkje.

Hypotese om identifikasjon[endre | endre wikiteksten]

Gjeve årsakssamanhengen som hettittane blir omtalt i i Det gamle testamentet, har bibelforskarar før arkeologien sin tidsalder tradisjonelt sett på dei som ei mindre stamme busett i fjella i Kanaan i tidsalderen til patriarkane, inkludert Abraham. Dette biletet vart totalt endra av arkeologiske funn som plasserte senteret for Hatti/Hattusas-sivilisasjonen langt lengre nord, i dagens Tyrkia, og gjorde hettittane i Kanaan til ein periferi.

Den hebraiske Bibelen referer til «hettittane» i fleire passasjar, frå Første Mosebok til dei etter eksilbøkene Esra og Nehemja. Første Mosebok, kapittel 10 («Folkeslaga på jorda») knyt dei til ein eponymisk forfar Heth, ein etterkomar av Kam gjennom sonen Kanaan. Hettittane blir difor rekna saman med kanaanittane, dei opphavlege innbyggjarane av Det lova landet. Hettittane er vanlegvis skildra som eit folk som levde saman med israelittane – Abraham kjøpte den patriarkalske gravstaden Machpelah frå dei, og hettittane tenestegjorde som militære offiserar i hæren til kong David. I Andre kongebok 7:6 er dei derimot eit folk med sine eigne kongedøme, tilsynelatande lokalisert utanfor det geografiske området Kanaan, og mektige nok til å sende ein syrisk hær på flukt: «Herren hadde late aramearane få høyra larmen av vogner og hestar, larmen av ein stor hær. Då sa dei til kvarandre: 'Du skal sjå at Israels konge har leigd hetittkongane og egyptarkongane for å overfalla oss!'»

Det er eit emne for stor debatt blant forskarar om dei bibelske «hettittane» har samband til 1) dei opphavlege hattiarane frå Hatti; 2) deira indoeuropéiske erobrarar (Nesili) som overtok namnet «Hatti» for det sentrale Anatolia, og som i dag blir referert til som «hettittane»; eller 3) ei kanaanittisk gruppe som kan ha vore eller ikkje ha vore knytt til det eine eller begge folka i Anatolia, og som òg kan vere eller ikkje vere identisk med det seinare etter-hettittiske (luvianske) samfunnet.[18] Bjarte Kaldhol meiner at dei hettittane som blir omtalt i Bibelen «var hettittar som heldt til i Syria og Palestina etter at det store hettittiske riket var gått under rundt 1180 fvt. Dei var så å seie dei menneskeleg restane av eit stort ekspanderande imperium.»[19]

Andre bibelforskarar har hevda at i staden for å bli forbunde med Heth, son av Kanaan, skal landet Hatti i Anatolia vere nemnt i Det gamle testamentet og apokryfiske bøker som «Kittim» (Chittim), eit folk som etter seiande hadde fått namn etter ein son av Javan (den fjerde sonen til Jafet, son til Noah).

Identitetsspørsmålet[endre | endre wikiteksten]

Nokre forskarar har teke det synet at dei to folka er identiske.[20] Bortsedd frå likskapen i namn var dei anatoliske hettittane ei mektig politisk eining i regionen lenge før riket deira kollapsa på 1300- og 1100-talet f.Kr., noko som burde gjere dei nemnt i Bibelen. Eit steinrelieff av løva som er funnen ved Beit-Sjean i nærleiken av Genesaretsjøen (i dag oppbevart i Israel Museum) og datert frå rundt 1700 f.Kr., tolkast av professor Bill Humble som ei stadfesting av denne identifikasjonen, sidan løver er hyppig avbilda i hettittisk kunst.[21] I utreiinga for erobringa av Kanaan blir det sagt at hettittane budde «i fjella» og «mot nord» i tilhøve til Kanaan — ei skildring som passar med plasseringa og topografien til det opphavlege hettittiske riket som hadde stor innverknad i regionen før slaga ved Kadesj.

Arkeologisk oppdaging[endre | endre wikiteksten]

Hettitisk gudinne og barn, Anatolia 1400- til 1200-talet f.Kr.

Som skriftspråk brukte hettittane kileskrift. Arkeologiske ekspedisjonar har avdekt heile sett med kongelege arkiv på kileplater ved Hattushash, skrivne anten på akkadisk, det diplomatiske språket på den tida, eller ulike dialektar frå Hettittriket.[22]

Det første arkeologiske beviset for hettittane var skrifttavlene funne i den assyriske kolonien Karum Kanesh eller Kayseri (dagens Kültepe). Desse inneheld skrifter om handel mellom assyriske handelsmenn og eit «Hattis land».

Ei tekst oppdaga av William Wright i 1884 på eit monument ved Boğazköy om eit «folk av Hattusa», tilsvarte avgjorde hieroglyfar frå stadane Aleppo og Hamat i det nordlege Syria. I 1887 avdekte utgravingar i Tell El-Amarna i Egypt den diplomatiske brevvekslinga til farao Amenhotep III og sonen hans Akhenaton. To av breva var frå «kongedømmet Kheta» – tilsynelatande lokalisert i same region som den mesopotamiske referansen «Hattis land» – og var rett nok skrive med standard akkadisk kileskrift, men på eit ukjent språk – sjølv om forskarar kunne lese det, var det ingen som forstod det. Archibald Sayce foreslo seinare at Hatti og Khatti i Anatolia var identisk med «kongedømet Kheta» som var nemnt i egyptiske tekstar, omfram òg med dei bibelske hettittane. Andre, som Max Müller, er samd i at Khatti truleg var Kheta, men foreslo å knyte det til Kittim i Bibelen heller enn til «Heths born». Sayces identifikasjon vart uansett den aksepterte hos dei fleste i løpet av tidleg 1900-tal, og namnet «hettitt» blir knytt til den oldtidssivilisasjonen som vart avdekt ved Boğazköy.

I løpet av dei sporadiske utgravingane ved Boğazköy (Hattusa) som byrja i 1906, fann arkeologen Hugo Winckler eit kongeleg arkiv med 10 000 tavler, skrive med kileskrift på anten akkadisk eller det same ukjende språket som i dei egyptiske breva frå Kheta – såleis stadfesta han identiteten til dei to namna. Han beviste òg at ruinane ved Boğazköy var det som stod igjen av hovudstaden til eit mektig rike som ei tid kontrollerte det nordlege Syria.

Under leiing av det tyske arkeologiske instituttet, DAI, har det vore pågåande utgravingar ved Hattusas sidan 1907, berre avbrote av begge verdskrigane. Kültepe vart med hell utgrave av den no avlidne professoren Tahsin Özgüç sidan 1948. Mindre utgravingar og feltarbeid har vorte gjort i dei umiddelbare omgjevnadane av Hattusa, blant anna Yazılıkaya, ein heilagdom i fjellet som inneheld talrike relieff hogge ut av fjellet som avbildar ulike hettittiske herskarar og gudar. Éit av klipperomma i Yazilikaya er utstyrt med nisjar i veggene, som ein lurte på om kunne ha innehalde dei kremerte restane av medlemmane av kongehuset - men noko bevis for dette vart aldri funne. Rart er det at ein aldri har lokalisert nokre hettittiske kongegraver.[23]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den egyptisk-hettittiske fredsavtalen, kring 1258 f.Kr. etter slaget ved Kadesj mellom Hattusili III og Ramses II, er den tidlegaste kjente dokumenterte fredsavtalen i historia. Han vert oppbevart på Istanbul arkeologiske museum.

Det hettittiske kongedømmet har konvensjonelt vorte delt i tre epokar, det gamle Hettittarriket (ca 1750–1500 f.kr), det midterste Hettittarriket (ca 1500–1430 f.Kr), og det nye Hettittarriket (sjølve Hettittarriket, ca 1430–1180 f.Kr).

Det tidlegaste kjende medlemen av ei hettittisktalande slekt, Pithana, var busett i byen Kussara. På 1700-talet f.Kr. gjorde Anitta, sonen hans, den hettittisk-språklege byen Neša til ein av hovudstadene sine, og nytta hettittisk til inskripsjonar der. Likevel vart Kussara verande den dynastiske hovudstaden i eit hundreår inntil Labarna II introduserte Hattusa som den nye dynastiske hovudstaden, moglegvis tok han på denne tida herskarnamnet «Hattusili» ('[herskar] av Hattusa'.

Det gamle kongedømmet, sentrert rundt Hattusa, nådde høgdepunktet sitt i løpet av 1500-talet f.Kr., og greidde på eit tidspunkt å herje Babylon, men gjorde ingen forsøk på å ta herredømmet der, noko som gjorde det mogleg for kassittarar, ei folkegruppe frå Zagrosfjella, å vekse til ein maktfaktor og styre over Babylon i meir enn 400 år.

I løpet av 1400-talet f.Kr. forfall Hettittarriket til ein uviktig stat, men vann makta si attende med regimet til Tudhaliya I frå ca 1400 f.Kr. Under Suppiluliuma I og Mursili II voks Hettittarriket til å omfatte det meste av Anatolia og delar av Syria og Kanaan. Ved 1300 f.Kr. stod hettittane på grensa mot det egyptiske interesseområdet, noko som førte til slaget ved Kadesj i 1274 f.Kr. mellom hettittane leia av kong Muwatalli II frå byen Kadesj og ein egyptisk hær leia av farao Rameses II av Egypt. Det var truleg det største slaget med stridsvogner som nokon gong hadde vorte utkjempa. Egyptarane framstilte seg i etterkant som sigerherrar, men av hettittiske leirtavler kan vi i dag lese at hettittane sat med makta over Syria i lang tid etter slaget.[24]

Borgarkrig, plyndringstokt frå kaskaane i nord, og rivaliserande krav på trona vart kombinert med den ytre trusselen frå havfolka. I åra 1200-1185 f.Kr. viser alle hettittiske byar teikn til uro, og mange vart forlatne. Ugarit vart øydelagt. I Hattusa vart kongepalass og tempel brunne, men truleg tømt for verdiar i forkant. Ei tekst ber inntrengjande om at korn må sendast til Hattusa, og kornimporten via hamnebyen Ura kan ha stoppa opp som ei følgje av tokta til havfolka.[25] Ca. 1160 f.Kr. hadde riket igjen kollapsa. Småkongedøme under assyrisk overherredøme kan ha halde fram til rundt 700 f.Kr., og bronsealderen sine hettitiske og luviske dialektar utvikla seg til dei sparsamt dokumenterte språka lydisk, lykisk og karisk.

Leivningar av desse språka overlevde til persisk tid, men forsvann ved utbreiinga av hellenismen.

Det er trudd at hettittane hadde det første konstitusjonelle monarkiet. Det bestod av ein konge, familien hans, eit pankus (ei form for hoff og statsadministrasjon som overvaka aktivitetane til kongen), og eit ofte opprørsk aristokrati. Rettsvesenet deira var langt mildare enn lovane hos dei gamle babylonarane, som hadde dødsstraff for å stelle i stand bråk på utestader. Under hettittane var berre eit fåtal lovbrot å rekne som verkelege lovbrot. Til og med overlagt drap medførte berre ei bot – rett nok ei særs stor bot. Straffa for tjuveri var berre å betale tilbake det beløpet som var stole. Til gjengjeld fanst det ingen privat eigedomsrett til jord. Hos sumerarar og amorittar kunne folk eige land, men hos hettittane tilhøyrde jorda kongen, som leigde ut teigar til bøndene, føresett at dei tenestegjorde i hæren hans.[26]

Språk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå hettittisk.

Hettittisk språk er nedteikna fragmentarisk frå omtrent 1800-talet fvt. (i Kültepetekster, sjå Ishara). Språket var i bruk fram til ca 1100 f.Kr. Av alle dei ulike indoeuropeiske språka på Anatolia er hettittisk best dokumentert.

Språket på Hattusa-tavla vart til slutt dechiffrert av ein tsjekkisk lingvist, Bedřich Hrozný (1879—1952), som den 24. november 1915 offentleggjorde resultata sine i ei forelesing ved Berlins samfunn for Midtausten. Boka hans om oppdaginga vart utgjeve i Leipzig i 1917, kalla Språket til hettittane, strukturen og tilhøyrsla i den indoeuropéiske lingvistiske familien. Fororda til avhandlinga byrjar med:

Dette verket freistar å etablere vesen og struktur til det hittil mystiske språket til hettittane, og tyde dette språket (...). Det vil framgå at hettittisk hovudsakleg er eit indoeuropéisk språk.

Slik vart språket kjent som «hettittisk», sjølv om det ikkje var hettittane sitt eige namn for det. Sjølv kalla dei det for «nešili» ('[i veremåte] til [byen] Neša'), og difor har ein foreslått at ei meir teknisk korrekt nemning ville vere «nesittisk», men i dag er «hettittisk» for innarbeidd til å bli endra.

Grunna dei markante skilnadene til språket i struktur og fonologi, har ein del tidlege filologar, hovudsakleg Warren Cowgill, argumentert for at det burde klassifiserast som eit systerspråk til dei indoeuropeiske språka, heller enn eit dotterspråk (sjå Indo-hettittisk). Ved slutten av Hettittarriket var hettittisk vorte skriftspråk for administrasjon og for diplomatisk brevskriving. Folkesetnadene i det meste av Hettittarriket talte på denne tida luviske dialektar, eit anna indoeuropéisk språk i den anatoliske familien som hadde opphavet sitt vest for dei hettittiske områda.

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå hettittisk mytologi.
Sitjande guddom, frå det sein-hettittiske riket, 1200-talet f.Kr.

Hettittisk religion og mytologi vert skildra som «eit kaleidoskopisk virvar av det dei sjølv kalla 'dei tusen gudane', som i røyndomen avgrensar seg til rundt 600».[27] Mytologien var sterkt påverka av mesopotamisk mytologi, ein påverknad som auka med tida. I dei eldste tidene kan indoeuropeiske element enno bli identifisert, til dømes i toreguden Tarhund sin strid med slangen Illujanga. I lister over guddomane til hettittane finst òg havet, fjella og elvane. Hettittane anerkjende alle gudar dei trefte på, og dyrka difor òg gudane til folkeslag dei hadde overvunne i krig. Assyrarane overtok denne toleransen for andre sine religionar, og tillét difor jødane å dyrke Jahve etter at assyrarane hadde erobra og utsletta Judea.

Moderne museum[endre | endre wikiteksten]

Muséet for anatoliske sivilisasjonar (tyrkisk Anadolu Medeniyetleri Müzesi) i Ankara i Tyrkia husar ei rik samling av hettittiske og anatoliske fortidsgjenstandar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Hettittene» frå Wikipedia på bokmål, den 23. august 2012.
  • Akurgal, Ekrem (2001): The Hattian and Hittite Civilizations; Publications of the Republic of Turkey; Ministry of Culture; 300 sider; ISBN 975-17-2756-1
  • Bryce, Trevor R. (2002): «Life and Society in the Hittite World», Oxford.
  • Bryce, Trevor R. (1999): The Kingdom of the Hittites, Oxford.
  • Ceram, C. W.(2001) : The Secret of the Hittites: The Discovery of an Ancient Empire. Phoenix Press, ISBN 1-84212-295-9.
  • Güterbock, Hans Gustav (1983): «Hittite Historiography: A Survey», i H. Tadmor & M. Weinfeld (red.) History, Historiography and Interpretation: Studies in Biblical and Cuneiform Literatures, Magnes Press, Hebrew University, ss. 21-35.
  • Macqueen, J. G. (1986): The Hittites, and Their Contemporaries in Asia Minor, revidert og utvidet, Ancient Peoples and Places series (red. G. Daniel), Thames and Hudson, ISBN 0-500-02108-2.
  • Mendenhall, George E. (1973): The Tenth Generation: The Origins of the Biblical Tradition, The Johns Hopkins University Press, ISBN 0-8018-1654-8.
  • Neu, Erich (1974): Der Anitta Text, (Studien zu den Bogazkoy-Texten (StBoT) 18), Otto Harrassowitz, Wiesbaden.
  • Orlin, Louis L. (1970): Assyrian Colonies in Cappadocia, Mouton, The Hague.
  • «The Hittites and Hurrians» (1973) i D. J. Wiseman Peoples of the Old Testament Times, Clarendon Press, Oxford.
  • Gurney, O.R. (1952): The Hittites, Penguin, ISBN 0-14-020259-5
  • Kloekhorst, Alwin (2007): Etymological Dictionary of the Hittite Inherited Lexicon, ISBN 90-04-16092-2O
  • Patri, Sylvain (2007): L'alignement syntaxique dans les langues indo-européennes d'Anatolie,
  1. Kate Santon: Arkeologi (s. 183), forlaget Spektrum, Oslo 2008, ISBN 978-82-7822-704-6
  2. The Hittites
  3. John Marangozis (2003): A Short Grammar of Hieroglyphic Luwian.
  4. .Beal, Richard H.: «The History of Kizzuwatna and the Date of the Šunaššura Treaty», Orientalia 55 (1986) ss. 424ff.
  5. ibid. s. 426
  6. Healy, M and Mcbride, A. (1992): New Kingdom Egypt (Elite). Opsrey: Elms Court
  7. Gillette, Aaron: Racial Theories in Fascist Italy. Side 141
  8. Heras, Henry: Studies in Proto-Indo-Mediterranean Culture. Side 447
  9. Sergi, Giuseppe: The Mediterranean Race: A Study of the Origin of European Peoples. Side 144; Mackenzie, Donald Alexander: Myths of Babylonia and Assyria. (Myth and legend in lit. and art). Side 266
  10. Royal Anthropological Institute of Great Britain and Ireland: Man. Side 126
  11. Jordan-Bychov, T. & Jordan B. (2002): The European Culture Area. Lanham, MD: Roman and Littlefield Publishers, Inc.Mallory, J. & D.Q. Adam sin (rei.) (1997): Encyclopedia of Indo-European Culture. London: Fitzroy Dearborn.
  12. Renfrew, C. (1999): «Time Depth, Convergence Theory, and Innovation in Proto-Indo-European: 'Old Europe' as a PIE Linguistic Area». Journal of Indo-European Studies. 27 (3 & 4): 257-294; Renfrew, C. (1987): Archaeology and Language. The puzzle of Indo-European Origins. Cambridge University Press
  13. Steinar, G. (1990): The Immigration of the First Indo-Europeans into Anatolia Reconsidered. Journal of Indo-European Studies. 18 (1 & 2): 185-214
  14. Puhvel, J. (1994): Anatolian: Autochton or Interloper. Journal of Indo-European Studies. 22 (3 & 4): 251-264
  15. Steinar, G. (1990)
  16. Mallory, J. (1989): In Search of the Indo-Europeans. New York, NY: Thames and Hudson
  17. C. Cinnioglu et al. (2004): Excavating Y-chromosome haplotype strata in Anatolia, Human Genetics 114(2):127-48.
  18. Sjå Woudstra, Marten H.: New International Commentary on the Old Testament: Book of Joshua, s.60, fn.33; og Bryce, Trevor: The Kingdom of the Hittites, s 389 ff.
  19. Sitat frå Bjarte Kaldhols innleiing til Hettittiske skrifter, 2009
  20. Mendenhall, George (1973): The Tenth Generation: The Origins of the Biblical Tradition. The Johns Hopkins University Press. ISBN 0-8018-1654-8.
  21. Lion Relief, arkivert frå originalen 21. juni 2006, henta 23. august 2012 
  22. Kurkjian, Vahan M (1958): History of Armenia, Chapter V: The Hittite Empire
  23. Kate Santon: Arkeologi (s. 185)
  24. Kate Santon: Arkeologi (s. 183)
  25. Kate Santon: Arkeologi (s. 185)
  26. The Hittites
  27. Kjelde for sitat og vurderingar er Bjarte Kaldhol si innleiing til Hettittiske skrifter, 2009